Framleis avis laurdag

Redaktør i Avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal, er glad for at regjeringa har sikra omdeling av aviser på laurdagar. - Vi kjem difor framleis til å ha laurdag som avisdag, forsikrar Nydal. Arkivfoto: Morten Sæle

Redaktør i Avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal, er glad for at regjeringa har sikra omdeling av aviser på laurdagar. - Vi kjem difor framleis til å ha laurdag som avisdag, forsikrar Nydal. Arkivfoto: Morten Sæle

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeiarPost på laurdagar har vore ei stor nasjonal sak den siste tida. Det er fullt forståeleg. Alle har vi vore vane med at posten like sikkert er på plass i postkassa laurdagar som andre vekedagar. Det er det slutt på no. I dag er det den første laurdagen landet rundt der Posten ikkje omdeler brevpost etter at postlova vart endra frå 1. januar.

Mykje av frykta har vore at heller ikkje avisene skal dukka opp i postkassa laurdagar. Det har skapt uro både blant mediehus og abonnentar. Også vi i Avisa Nordhordland har fått spørsmål frå mange abonnentar om det no blir slutt med laurdagsavis. Det blir det heldigvis ikkje.

Regjeringa og samferdselsminister Ketil Solvik- Olsen (Frp) har nemleg sikra at papiravisene framleis skal ut med posten på laurdagar. Det er vi sjølvsagt glade for i Avisa Nordhordland. Ikkje berre for vår eigen del, men det handlar om eit viktig gode i heile det norske samfunnet. Fersk papiravis laurdag er synonymt med helg og kos for mange av oss.

At mange etter kvart har blitt digitale lesarar forandrar ikkje på det. Framleis er det slik at svært mange foretrekkjer å lesa oss på papir, og for eit næringsliv som skal få omsetnad meiner mange at papiravisa framleis er den beste marknadsføringskanalen. Dette får vi stadfesta kvar dag lokalt.

At posten ser seg nødt til å slutta å omdela brev og annan post er til å forstå. Brevmengda har gått drastisk ned dei seinare år i takt med digitaliseringa. Dei fleste offentlege instansar legg opp til digital kontakt med brukarane. Vi trur difor ikkje det vil vera til stor skade at brevposten må venta til mandag.

Fersk papiravis laurdag er synonymt med helg og kos for mange av oss.

Trond Roger Nydal, redaktør i Avisa Nordhordland

Dette kunne fort blitt tilfelle også for avisene, men Mediebedriftenes Landsforening og Landsforeningen for lokalaviser har arbeidd for å få på plass ei politisk løysing. Det arbeidet har lukkast. Stortinget og regjeringa har anerkjent viktigheita av at avisene framleis kjem fram til abonnentane. Det er difor sett av 50 til 120 millionar kroner for å få dette til. Vi trur dette er viktig også for lokaldemokratiet og dermed politikarane sjølve.

I ein mellomperiode, frå i dag og fram til ny ordning er på plass, er Posten gjennom den midlertidige konsesjonen pliktig til å ivareta regionale og lokal omdeling av aviser. Så er det eit faktum at riksomdelinga fell bort. I ei sak der vi sjølvsagt er totalt inhabile, hadde vi helst sett at også riksavisene var ein del av denne ordninga. For oss i Avisa Nordhordland gjeld dette eit heilt begrensa tal abonnentar. Vi kjem difor framleis til å ha laurdagar som avisdag.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags