Benedikte og Morten imponerer med storsatsinga på robotfjøs

Benedikte og Morten Christensen satsar for fullt på bondelivet og mjølkeproduksjon, og har investert nærare sju millionar i ein robotfjøs.

Benedikte og Morten Christensen satsar for fullt på bondelivet og mjølkeproduksjon, og har investert nærare sju millionar i ein robotfjøs. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeiarFørre veke skreiv vi om ekteparet Morten og Benedicte Christensen på Radøy. Ekteparet vel å satse alt dei har på ei framtid i landbruksnæringa, ei næring som ofte blir sett på som svært usikker og som er mykje diskutert i desse dagar.

Ein del av ansvaret for det negative fokuset og dei dystre framtidsutsiktene må nok bøndene sjølve ta, som støtt og stadig roper ulv ulv om kor gale det står til med vilkåra til bøndene.

Som vi også fortale om i helga, aksjonerer dei igjen i samband med brotet i landsbruksoppgjeret. Det er eit paradoks med tanke på at bøndene har fleire år med solide oppgjer bak seg og har fått langt meir enn andre grupper i tilsvarande periode. Slik kan dei sjølvsagt ikkje rekne med det skal vere kvart år.

Benedikte (33) og Morten (35) og satsar alt på bondelivet – i robotfjøs 

Hadde framtidsutsiktene for bøndene vore så ille som bondelaga og landbruksorganisasjonane vil ha det til, må ein jo anta at det er det glade vanvidd det Morten og Benedicte på Radøy har gjort.

Med lån og støtte frå Innovasjon Norge har dei investert nær sju millionar kroner i ein topp moderne robotfjøs for mjølkekyr. Dei kan no styre fjøsen frå ein app på mobilen. I løpet av eit år skal dei levere 270 tonn med mjølk. Dei hadde vel ikkje gjort det om framtidsutsiktene var så dystre?

For Morten har det å bli bonde vore ein draum sidan han var gutunge, mens for kona Benedicte har gardsdrift vore ei interesse som har komme med åra. Med den nye fjøsen ser dei for seg å ha eit arbeidsliv meir likt det folk flest har. Som dei seier det sjølv: Kunne køyre ungane til og frå trening og ete julemiddagen klokka 17.

Vi synest det er kjekt å fortelje slike historier. Dette er lokale folk som vel å satse i ei næring prega av usikkerheit. Det er noko som mange synest er fascinerande. Vi trur det er slike bønder næringa treng fleire av. Bønder som er optimistiske, vil satse og omstiller seg.

Vi meiner bøndene sine interesseorganisasjonar må bli flinkare til å framheve dei positive historiene i landbruket, og ikkje berre krisemaksimere.

Bøndene er avhengige av å få sympati og tillit hjå folk, skal dei få uttelling i dei årlege landbruksoppgjera. Aksjonane dei held på med no, trur vi forbrukarane og folk flest begynner å få lita forståing for etter dei lønsoppgjera bøndene har bak seg siste åra. Dyrk heller suksesshistoriene, då trur vi folk i større grad vil forstå viktigheita av å støtte oppunder norsk landbruk over heile landet.

Dyrk heller suksesshistoriene, då trur vi folk vil støtte oppunder norsk landbruk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags