Torill Eidsheim: – Det var bestemor som oppfordra meg til å bli med i fjøset, spele fotball, leike i skogen og bli med bestefar på jakt

Torill Eidsheim slår i dette debattinnlegget eit slag for bestemødrene. Her frå valvake i samband med stortingsvalet i 2017.

Torill Eidsheim slår i dette debattinnlegget eit slag for bestemødrene. Her frå valvake i samband med stortingsvalet i 2017. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Kva har forma våre val

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I dag er det 8. mars og kvinnedagen. Eg har alltid hatt ei kjensle av at denne dagen på ein måte ikkje er min. Kvifor har eg først stilt meg dette spørsmålet no?

Måndag denne veka fekk eg ei omvisning på Wesminster (det britiske parlamentet). Gjentatte gonger blei det trekt fram historiar om sterke kvinner som ikkje berre har forma London si historie, men kjempa for våre felles rettigheiter.

Emmeline Pankhurst var ei av desse. Britisk aktivist og hjelpar i Suffragette-bevegelsen. Ho var sterkt kritisert for si militante framferd, men også anerkjent for sitt bidrag til kvinner sin stemmerett. Time Magasine har utpeika henne som ein av dei 100 mest innfytelsesrike personane i det 20. århundret. «Ho forma ein tanke for kvinner av vår tid; ho rista samfunnet inn i eit nytt mønster utan moglegheit for å kunne gå tilbake».

Kanskje var det berre eg som denne dagen la akkurat dette mest på minnet. Men det fekk meg til å tenkje på kva som har forma oss kvinner som lever i dag.

Kvinnene i min familie var nok ikkje som Emmeline Pankhurst. Kampen for kvinner sin stemmerett er den tydelegaste og viktigaste kampen for utviklinga av samfunnet vårt i dag. Bestemor var berre eitt år den gongen kvinner fekk stemmerett. Ho har vore blant dei som meinte at å stemme er ei borgarplikt, men mest av alt også ein viktig moglegheit å nytte seg av.

Det var få kvinner rundt henne der ho vaks opp på fjellgarden Dyrkolbotn i Hordaland og på Haslestad i Vestfold. Ho mista mor si tidleg og blei opplært til å ta ansvar, ho viste respekt og ytte respekt. Eg har aldri sett på henne som ei «kvinnesakskvinne». Men i dag ser eg at ho har påverka og tatt mange val som har forma vår familie i dag. Det var bestemor som oppfordra meg til å bli med i fjøset, spele fotball, leike i skogen og bli med bestefar på jakt. Ei sterk men stillferdig kvinne som påverka i det stille, formidla samhald og tru på at alt er mogeleg.

På kvinnedagen 2019 har eg lyst til å slå eit slag for alle våre bestemødre – for den litt mindre synlege  kampen som har pågått på vegne av oss kvinner. Det er desse små kvardagskampane i kombinasjon med dei store som gjer at vi er der vi er i dag.

Takk, til mine «forkvinner» for at eg har fått vekse opp i ein heim der likestilling og utdannelse var heilt sjølvsagt. Vi tek stafettpinnen vidare!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags