Kva er ein Alving?

Av
DEL

Lesarbrev«Alvingar! … Carpe Alver!», ljomar det frå Strilens leiarartikkel ved inngangen til det nye året.

Redaktør Eirik Langeland Fjeld manar til samhald og entusiasme, ja vilje, til og for den nye kommunen. Det mest interessante ved kommentaren er likevel ikkje Langeland Fjelds patos, men bruken av innbyggjarnemninga «alving». Denne nemninga er ny for meg, og truleg mange andre, og eg stiller meg skeptisk til henne.

Det har vore ein viss debatt om kva ein person frå Alver skal bli kalla. Det finurlege her er at redaktøren går utanom debatt, og går rett på bruk. Dette synest eg for så vidt er heilt greitt – at ein innbyggjarnemning blir etablert gjennom bruk må vere like naturleg (gjerne meir) enn at nemninga blir vedteken politisk.

Men eg likar ikkje framlegget noko særleg. Det er to grunnar til det. Den eine er reint språkleg, den andre har å gjere med kva assosiasjonar nemninga vekkjer.

Som dei aller fleste veit, er namnet «Alver» sett saman av to ord «all» og «vêr». Stadnamnet Alver tydar då ein stad som har mykje vêr, eller mykje ulikt vêr. Med språkvitskapleg terminologi ville ein ha sagt at ordet er sett saman av to røter, eller morfem.

Grensa mellom desse går mellom «al» og «ver». Om ein flyttar denne grensa, lagar ein eit nytt morfem, ei ny rot, med ei heilt anna tyding enn det ein har i det opphavelege ordet.

I «alving» går morfemgrensa mellom roten «alv» og endinga «-ing». Tydinga av roten «alv» har ingenting med tydinga av røtene vi finn i «alver» å gjere. Å forskyva ordgrenser er ikkje eit godt prinsipp å følgje når ein skal lage slike nye nemningar.

Her kjem vi til det andre problemet. «Alv» vekkjer sjølvsagt andre assosiasjonar enn «Alver». Den første staden tankane mine går når eg høyrer «alving», er vide sletter og høge fjell, vakre og heroiske alvar i kamp mot motbydelige orkehærar – scener frå Ringenes Herre, filma i hovudsak på New Zealand.

Skal bilete av Legolas’ lune smil liggje som ei hinne over tankane når ein snakkar om melandbuen, lindåsingen, eller radværingen? Kanskje det berre er eg som ikkje får desse assosiasjonane vekk frå hovudet.

Men verre kan det bli. Då eg spurde kona mi kva ho tenkte på då ho høyrde nemninga, svara ho nokså overraskande Helene Alving, frå Ibsens Gengangere – enkefru og overhovud i ein syfilisinfisert familie på katastrofens rand. Nok ikkje det dei fleste vil tenkje på, men ikkje særleg flatterande.

«Alver» tyder «alt vêr». «Alv» tyder noko anna. Lat heile ordet «Alver» vere utgangspunktet for den nye innbyggjarnemninga. Ikkje del opp! Ikkje berre «gi mig solen», «gi mig Alver!» Om ein skal bruke «-ing»-endinga bør ein difor lande på «Alvering».

Personleg meiner eg «Alverbu» høver best.

Artikkeltags