Bokbåten Epos for heile Vestland

Av
DEL

LesarbrevRaudt Vestland er samd med fylkesrådmannen i Hordaland om at bokbåttenesta Epos bør utvidast til å gjelde heile Vestland. Vi vil at innbyggjarane i Hordaland og Sogn og Fjordane skal kunne bruke dei tenestene som bokbåten kan tilby.

Biblioteka er blant våre viktigaste fellesskapsinstitusjonar. Her får alle fri og lik tilgang til informasjon og kultur, uavhengig av kor mykje dei har i lommeboka og på bankkontoen sin. Dette gratisprinsippet og den fri tilgangen til offentleg informasjon er viktig, òg med tanke på dei demokratiske prinsippa og mogelegheita til å byggje eit levande folkestyre.

Ein aktiv distriktspolitikk er viktig, om vi skal kunne ta heile landet i bruk. Raudt vil ha eit nasjonalt bibliotektilbod som har lik kvalitet over heile landet. Bokbåttenesta Epos er ein god måte å ta omsyn til geografien på Vestlandet. Difor vil Raudt Vestland at bokbåttenesta Epos skal gjelde for Hordaland og Sogn og Fjordane.

Ingeborg Hordvik, 3. kandidat for Raudt Vestland

Anders Hamre Sveen, 4. kandidat for Raudt Vestland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags