Nordhordland UNESCO Biosfæreområde – eit modellområde for berekraftig utvikling

Av
DEL

LesarbrevNoreg bør vere leiande i lokal berekraftig utvikling, til det treng me modellområde som Nordhordland!

Nordhordland Biosfæreområde vart 19. juni utnemnd, som Noregs aller første, i Unesco sitt hovudkvarter i Paris. Då vart Noreg det 124. landet som slutta seg til eit av FN sine viktige bidrag for å fremje berekraftig utvikling.

Eit biosfæreområde er eit modellområde for berekraftig utvikling. Målet er å oppnå ein betre balanse mellom det å ta vare på natur og kultur, å fremje økonomisk utvikling og å sikre ei god samfunnsutvikling. Dette skjer gjennom eit tett samarbeid mellom lokalbefolkninga, det offentlege, næringslivet og forsking/utdanning. Målet i Unesco sitt Biosfæreprogram er ikkje å verne område, men å utvikle og bruke dei på ein berekraftig måte, ta vare på det beste frå fortida og skape gode løysingar for framtida!

Visjonen:
Å inspirere til ei positiv framtid gjennom å kople saman menneske og natur i dag!

Kvifor Nordhordland?
Nordhordland er ein representant for det vestnorske kystlandskapet, og eit godt døme på korleis naturressursane langs kysten har vore nytta gjennom generasjonar. Me har eit nært tilhøve til naturen, samstundes som me lever i eit moderne samfunn. Nordhordland biosfæreområde ønskjer å inspirere til ei utvikling der naturressursane vert nytta på ein berekraftig måte for framtidige generasjonar t.d. ved å forplikte seg til FN sine 17 berekraftsmål.

Korleis verkar eit biosfæreområde?
Eit biosfæreområde verkar som ein dialogarena der ulike partar i samfunnet kjem saman for å finne gode, berekraftige løysingar for framtida. Menneska som bur i Nordhordland er viktige for at dette skal verte ein suksess. Det same er politikarane. Det er dei som skal leggje til rette for at ord vert til handling. Biosfæreområda skal utvikle lokale løysingar på dei lokale og globale utfordringane.

Sitat frå programmet til Alver Arbeidarparti:
«Arbeidet med å redusere negativ påverknad på klima og miljø skal vere gjennomgåande i alt arbeid kommunen gjer. Alver kommune skal leggje til rette for at den einskilde kan ta klimavenlege val».

I samband med alt planarbeid i Alver kommune, vil Alver Arbeidarparti etterstrebe klimavenlege løysingar. FN sine berkraftmål vil vere ei god rettesnor! Vidare vil Alver Arbeidarparti ha ein tett dialog med næringslivet, både det etablerte og nyetablerar, for å sikre gode berekraftige miljøløysingar.

Sitat frå Avisa Nordhordland 9. juli: Nordhordland Næringslag, Industriutvikling Vest og Alver kommune startar opp eit fellesprosjekt for ny grøn næringsutvikling i Mongstad Industriklynge.

Sitat frå BT 22. juli, reportasje om RadøyGruppen: «Ståløy trur familiebedrifta vil måtte omstille seg mot meir grøn energi i årene som kjem. Han antydar at det er fleire prosjekt på gang, men understrekar at de framleis er i ein tidleg fase.»

Desse sitata viser at industrien i Nordhordland tar miljøet på alvor, det grøne skiftet er i gang.

Alver Arbeidarparti vil vere ein viktig pådrivar når det gjeld å bestemme kva «fotavtrykk» som skal setjast i klima- og miljøpolitikken i Alver kommune.

Å setje FN sine berekraftsmål i fokus, er bra for Nordhordland og for verda!


 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags