Kva skal vi med Manger Folkehøgskule?

Manger folkehøgskule

Manger folkehøgskule Foto:

Av
DEL

Lesarbrev24.oktober 2018 la Hordaland Fylkeskommune fram forslag til budsjett for 2019. Fylkeskommunen vil redusera støtta til Manger Folkehøgskule med nesten 45 %, frå 1,9 millionar til 1,1 millionar. Dette er andre gong sidan 2017 Fylkeskommunen kuttar drastisk i støtta til skulen. Fylkesrådmannen vil også setja i gang eit arbeid for å vurdere om skulen bør drivast av andre, eller om skulen kan drivast utan fylkeskommunalt tilskot. Dette kan verta svært dramatisk for skulen vår.

Sist gong nasjonalbudsjettet vart lagt fram blei det også varsla kutt til folkehøgskulane i landet. Det vart demonstrasjonar utanfor Stortinget, og på spørsmål frå reporterane svara demonstrantane at folkehøgskule er gøy. At ein nesten måtte oppleva det sjølv for å forstå det. Ja, folkehøgskule er gøy. Det er til og med skikkeleg gøy til tider.

Men ein folkehøgskule er mykje meir enn det. Det meste av det vi er og står for kan ikkje målast eller vegast. Elevane våre tek ikkje eksamen og får ikkje karakterar. Vi har ikkje eit pensum som er bestemt av eit departement, og vi treng ikkje gje elevane våre lekser. I dei fleste tilhøve gjev folkehøgskulane heller ikkje ei direkte økonomisk avkastning. Nokon vil meina at vi berre er ein utgiftspost i budsjettet. La meg difor prøva å grunngje kvifor Manger Folkehøgskule er viktig for framtida, både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Vi er økonomisk bærekraftige

Det er kanskje historia til Samuel Massie som er den mest kjende solskinshistoria frå Folkehøgskulen. Historia om den unge mannen som i full fart var på veg mot eit liv med rus, mogleg arbeidsløyse og kriminalitet. Den unge mannen som fekk livet sitt snudd på hovudet etter eit år på folkehøgskule. Eit skuleslag som ikkje skulle bedømma prestasjonane hans, men oppmuntra innsatsen hans. Ein skule som krevde at han ytte sitt beste, men som ikkje fekk han til å føle seg ubrukeleg om han ikkje klarte alt. Ein skule som såg potensialet og ikkje avgrensingane hans. På skulen vår har vi minst ein eller ei Samuel Massie kvart år. Dei reiser gjerne ikkje til Sydpolen på ekstreme ekspedisjonar eller skriv toppseljande bøker. Men dei gjer si eiga reise, inn og ut av seg sjølv. Dei betrar oppmøteprosenten sin og mange føler seg nyttige for første gong i livet. Dei tør å ta plass, stå på ei scene, spørje om hjelp, spele, syngje eller samarbeide med andre for aller første gong. Dei opplever livsmeistring, dei øver på si eiga framtid og på å yta sitt til fellesskapet. Vi meiner ikkje at Folkehøgskulen er ei frelse for alle, men om vi kvart år kan snu skjebnen til berre eitt menneske, slik Samuel Massie fortel om, snakkar vi fort om fleire millionar spart i sosiale stønader. Det er ei god investering i framtida.

Eit inkluderande skulesamfunn med mindre einsemd

Alle som vil kan byrja på folkehøgskule. Skulen krev ikkje eit visst karaktersnitt eller forkunnskapar. Felles for alle ungdommar som kjem til skulen vår er ei genuin interesse for musikk og eit ønskje om å betra kunnskapane sine i faget. Vi får såleis ein elevflokk med ulike evner og erfaring; eit representativt utval av norsk ungdom med musikalske interesser, og mangfaldet er stort. Noreg er i dag eit samfunn der fleire og fleire unge bukkar under for press. Aldri før har fleire unge menneske fått psykologhjelp eller psykiatrisk behandling. Difor er folkehøgskulen så viktig! Den sosiale treninga på ein folkehøgskule gjer at avstanden mellom menneske vert mindre. Når Fylkeskommunen investerer i folkehøgskulen, får samfunnet attende medvitne menneske som er betre til å samarbeide, som er betre til å finne gode løysingar, og som har større forståing for andre menneske og samfunnet som heilskap.

Tilpassa opplæring

Dei tilsette på skulen vår har lang erfaring med å sjå den einskilde eleven sine behov. Dette gjeld spesielt på linja vår Musikk, Bu og Fritid, som er ei tilrettelagd linje for ungdom med særskilde behov. Det offentlege tilbodet for desse ungdommane er forsvinnande lite, og behovet for fleire tilbod er svært stort. Manger Folkehøgskule har mange søkjarar til Musikk, Bu og Fritid og vi tek inn minst 7 elevar på denne linja kvart år. Dei har eigne timar med kvalifiserte lærarar og miljøarbeidarar og dei får tilrettelagt undervisning på sitt nivå. Dei bur på internatet saman med dei andre elevane, tek del i pliktene saman med alle dei andre, og syng i skulekoret og spelar i band i lag med dei andre elevane. Erfaringane er mange og viktige og integreringa går begge veier. Om skulen vår no enno ein gong vert nedprioritert i budsjettet til Fylkeskommunen, kan dette tilbodet forsvinna i framtida. Endå fleire ungdommar med særskilde behov vil gå på tomgang utan eit godt fagleg og sosialt tilbod. Vi tilsette synest det er trist om Musikk, Bu og Fritid ikkje er viktig nok til å verta prioritert.


Me utviklar talent

Nordhordland har i lang tid vore eit nasjonalt senter for brassband. Orkester som Manger Musikklag og Eikanger Bjørsvik Musikklag dreg unge brassentusiastar frå heile landet til regionen vår for å lytta og for å spele. Også elevar frå dei andre linjene, Musikkproduksjon- , band- og låtskrivarlinja, set spor etter seg i musikklivet i Noreg.

Lærarane våre er høgt kvalifiserte. Vi har lagt ned årevis med hardt arbeid for å nå eit høgt musikalsk nivå og strevar kontinuerleg med å bli betre, både som utøvarar og som lærarar. Det som driv oss er ein genuin interesse for ungdom og kjærleik til faget vårt. Engasjementet vårt gjev avkastning i elevflokken og den faglege framgangen til elevane er ofte stor. Trivnaden veks i takt med at dei meistrar, heilt utan jaget frå vidaregåande eller karakterpress. Kvart år rekrutterer skulen vår utøvarar til høgare utdanning i musikk, både i Bergen og til andre høgskular og universitet i inn- og utland. Manger er synonymt med kvalitet. Med eit kutt på denne storleiken vil det verta ei stor utfordring å oppretthalde det gode faglege tilbodet Manger er så kjend for. Og dersom tilbodet ikkje er godt nok, vil vi heller ikkje vere attraktive for framtidige elevar.

Vi er takksame for å vera ein del av Fylkeskommunen, vitande om at det offentlege synest folkehøgskulen vår er viktig. Vi har kunne halde fast på rike musikktradisjonar og lagt full fagleg tyngde bak undervisninga. Men trass i ros og gode ord frå Hordaland Fylkeskommune må Manger Folkehøgskule stadig forsvara sin eksistens. Om skulen vår i framtida må vurdere andre eigarformer, går vi langt meir usikre tider i møte. Då er det er ikkje sikkert at Manger Folkehøgskule kan sikra arbeidsplassane til dei vel 20 fast tilsette. Med endå eit kutt i støtta frå Fylkeskommunen vil det kanskje ikkje finnast ein folkehøgskule på Manger om nokre år. Vi lærarar ber derfor Fylkeskommunen instendig om å ikkje fase oss ut av budsjettet. Vi meiner det er avgjerande at det sterke faglege musikktilbodet må oppretthaldast for at ungdom frå heile landet vil søkja til skulen vår og bidra til at regionen vår kan fortsetja å vere ei levande og inkluderande kulturstad.

Silje Louise Spurkeland, tillitsvald for Folkehøgskuleforbundet

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags