Dugnad = limet i samfunnet!

Av
DEL

LesarbrevSå er Utvandringsfestivalen på Sletta over for denne gong – vel blåst til eldsjelene på Sletta.
Tema i år var utvandring frå Alver. Eit spanande tema som gjev oss perspektiv i høve til innvandringa i dag. Folk frå Sletta, og andre bygder i Nordhordland, reiste ut for å skape eit betre liv for seg og familiane sine. Mange gardar på Sletta er bygd opp av «Amerikapengar». Motivasjonen for våre nye landsmenn byggjer på dei same ønskja, å skape gode liv for seg og familiane sine.

Programmet for festivalen var variert, frå norsk og amerikansk musikk i Prærielandsbyen, til seminar, seremoni ved monumenta og festkveld i samfunnshuset Skogen. Søndagen var det gudsteneste og familiedag på Prærien. Programmet var variert, og inneheld såleis noko for alle!

Sjølv var eg på konserten fredagskvelden – ei fantastisk oppleving, det svinga frå første tone. Benjamin Schierer, ordførar i Fergus Falls, og tre flott ungdomar, gav oss ei musikalsk oppleving. Så held Reidar Konglevoll og hans band fram med jazz på strilemålet. Gjennom gode tekstar, svingande musikk og eit godt strilemål, løfta Reidar fram ein stolt strilekultur!
Denne konsertkvelden hadde ikkje vore mogeleg utan ein stor dugnadsinnsats. Bygging av konsertpub, sommarleg innreia i vakre omgjevnader, og gjennomføring av sjølve konserten, var gjort på dugnad – godt jobba!

Etablering av Vestnorsk Utvandringssentert har sett Sletta på kartet. Ikkje berre den årlege festivalen, men ulike konsertar og utstillingar gjennom heile året, er årsaka til dette. Sletta vert lagt merke til, dugnadsånda der vert ofte trekt fram som eit godt døme på kva som er mogeleg å få til.

I politisk samanheng vert det ofte peika på kor viktig det er å satse på turisme i Nordhordland – og ja, det er rett. Det me må hugse på er at me allereie har så mykje å vere stolte av. Me treng ikkje alltid skape så mykje nytt, men heller løfte fram det me har. Og så må me heie på alle eldsjelene rundt om i bygdene våre, dei som gjer ein stor innsats for at me har levande bygder.

Alver Arbeidarparti vil vere ein garantist for levande bygder i Alver kommune. Me vil spele på lag med dugnadsfolket og heie på dei!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags