Nolsk for moderne vikingar?

Leif Johnsen.

Leif Johnsen. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev«Nolsk» for moderne norskingar?

Kvifor «Nordhordland Awards» spurde eg 4. des i Nh, og fekk positive reaksjonar. Eit anna lesarinnlegg reagerte også på «Awards», og mindreverdskjensla og respektløysa for norsk språk og verdiar som ligg i denne språkmixen. «Men skal me nå ungdommen ...» hevda andre, « ...så må me bruke deira språk». Okei, dei unge ruler...

Etter dette gjorde eg litt «research» på ung tale, og min eigen. Og pø om pø fann eg mange ord frå offshore strender i eigen tale.

Eit par «case» frå unge tale først: «Det var jo litt kronglat, men til slutt fekk me «naila» det», Ella Marie på TV «Kvelden før kvelden» (fritt etter hugsen). «Me må lage ein «event»! (stadig brukt av ei dynamisk ung dame nær meg). «Han sovnar jo i alle timane, gymtimen er «nap time» for han», elev på bussen.

Så nokre snacks eg sjølv ikkje klarer meg utan: Smoodies, scones, shorts, boxer, Facebook, fish & chips, Irish Coffee ... Og research og pø om pø (peu de peu, fr.) som tyder litt om litt, eller stein på stein heromkring.

Språk er i stadig endring, stadig raskare med globaliseringa, sterkt dominert av amerikansk kultur. Dei unge blir føredøme, fordi det no er «ung og trendy» som er «in». Før tilpassa dei unge seg vaksenverda for å bli tatt på alvor. No tilpassar me vaksne oss ungdomsverda, for å følgje med i racet.

Låneord som fornyar språket, blir nok tatt inn fordi dei både opplevast som kule og lettar kommunikasjonen. Nokre blir fornorska, andre ikkje. Både unge og vaksne, næringar og media – og Språkrådet med sine fornorskingsord – har ansvar for kor grensa går for opptak, skal me som liten språknasjon kunne eksistere i framtida med norsk språk, identitet og norske verdiar – og norsk sjølvkjensle. Det vil me, og det er me verd.

For det er eit poeng, i ei globalisert verd, korleis me blir oppfatta utanskjærs: Som eit folk stolte av eige språk og kultur? Eller ein nasjon som nedvurderer sitt eige, og står fram som kulturelle hybridar?

Leif Johnsen,

kommunestyrerepresentant Meland MDG.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags