KrF vil bygge dansegolv

Trude Brosvik, fylkesordførarkandidat for Vestland KrF

Trude Brosvik, fylkesordførarkandidat for Vestland KrF Foto:

Av
DEL

Lesarbrev«Fysisk aktivitet kvar dag». Det er overskrifta på den felles anleggspolitikken som Vestland fylke skal ha, og som legg føringar for kva kommunar, frivillige lag og organisasjonar kan søke om støtte til.


Mange av oss nyttar naturen rundt oss til det «daglege» påfyllet med trim og aktivitet. I Sogn og Fjordane har vi, saman med mange gode krefter som ma Sparebankstiftinga til sparebanken Sogn og Fjordane, fått til «Dagsturhytter» i alle kommunar. Dei skal vere eit lett oppnåeleg mål for turen og gje rom for leik, kos og motivasjon. Denne satsinga skal vidareførast til å gjelde alle kommunar i nye Vestland fylke.


KrF vil i tildeling av tilskot ha ei særleg merksemd mot dei gruppene som treng ekstra tilrettelegging for å kunne kome seg ut og delta i fysisk aktivitet. Tilrettelagde turstiar for dei som treng ulike hjelpemiddel er dyrare for lokale lag å få til, og må derfor få meir offentlege tilskot.


Born og unge er ei anna gruppe som KrF prioriterer. Tilgang til hall-aktivitetar og anlegg er viktig. KrF vil at alle fylket sine hallar/skular skal kunne brukast til born og unge sine aktivitetar på kveldstid; gratis. Nokre stader er avstandane til hallane stor og det krevst skyss for å kome dit. Her vil vi både nytte ordning med fleksibel skuleskyss og satse på billige månadskort.


På området med frivillig arbeid, fysisk aktivitet og satsing på god folkehelse, passar dette munnhellet ekstra godt; Politikarane skal lage dansegolvet, så må dei frivillige og kvar enkelt stå for dansen. KrF vil medverke til å bygge gode «dansegolv».

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags