Svar til Rune Chr. Tollefsen: Alver KrF står ved intensjonsavtalen

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF). Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg takkar Rune Chr Tollefsen for leserinnlegg i Nordhordland Avis 12.mars 2019 med spørsmål om eigedomskatt på hus og hytter.

Dette er ei sak som mange har eit stort engasjement til, og som betyr mykje for mange.

Det er heilt rett det som Tollefsen skriv at vi i intensjonsavtalen mellom Lindås, Meland og Radøy har sagt at vi skal harmonisere skatter og avgifter.

Eg siterer frå avtalen :

Økonomi - harmonisering av skattar og avgifter

«Det er eit mål at ingen innbyggjarar skal få høgare kommunal eigedomsskatt som følgje av ein ny kommune. Det er semje om å harmonisere skattar og avgifter. Prisnivået på kommunale tenester, gebyr og eigedomsskatt skal vera likt i heile den nye kommunen. Det inneber at den nye kommunen fjernar eigedomsskatten på hus og hytter.»

Det er klart at økonomien i Alver kommune blir ei utfordring , men der er også mange ting som vi skal sjå på og arbeide med framover. Ny kommune gir oss mange muligheter når vi no skal byggje kommunen , og vi må vere framoverlendt , ha stort fokus på samfunnsutvikling, utvikle nye planar og ikkje minst ta i bruk både teknologi og dei verktøy som skaper smarte og gode arbeidsprosesser . Vi har så mange kvaliteter å byggje på, og med den dyktige staben av leiarar , tilsette og tillitsvalde som verkeleg vil bidra til at Alver kommune blir ein god kommune å bu og opphalde seg i og drive næring i, så trur eg vi skal lukkast . Der er flest kvaradagar for oss alle, og difor er eg opptatt av dei gode og smarte løysingane for kvardagen.

Rom blei ikkje bygd på ein dag,og det blir ikkje Alver heller, men vi har starta byggjeprosessen og den må vi heie på !

For meg og for Alver KrF så betyr intensjonsavtalen noko. Den forplikter etter vår meining, og difor vil vi på KrF laget stå ved intensjonsavtalen om at den nye kommunen Alver fjernar eigedomskatt på hus og hytter.

Beste helsing

Astrid Aarhus Byrknes

Ordførarkandidat

Alver KrF  

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags