Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Åtte uker Nh+ til kun 49 kr - Bestill her!
Arbeidsløysa stig. Ledigheten rammer skeivt denne gongen. Den rammer svært hardt på både Sør- og Vestlandet og spesielt ser vi at ungdom rammes. KrF vil ikkje sitte stille og sjå på at ledigheten biter seg fast på eit høgt nivå.
Hordaland er hardt ramma og det er difor svært viktig få i gong prosjekt og strakstiltak som kan bidra positivt til å dempa dei negative konsekvensane av den aukande arbeidsløysa.
LES OGSÅ: Alvorleg mangel på sjukepleiarar i Gulen
For den einskilde kan arbeidsløysa bety tapt livskvalitet, at ein ikkje får brukt evnene sine, at ein mister sosialt fellesskap. For familien betyr det økonomisk uvisse og ein vanskeleg kvardag. For samfunnet betyr det tap av viktige ressursar. Unge rammes særleg hardt. Om vi ikkje gjer nok, risikerer vi at mange fell permanent utanfor arbeidslivet.
På Vestlandet er det betydelege nedbemanningar hos oljeleverandørene. Desse bedriftene er avgjerande for denne regionen. Når dei går dårleg, gir det store, negative ringverknader for andre næringar i regionen, som varehandel, bygg og anlegg. Bustadbygginga på Vestlandet ser vi fell framleis.
LES OGSÅ: Radøy-ordføraren krev at regjeringa tek tak
Statsbudsjettet for 2016 var og er viktig for høg aktivitet i økonomien, men vi må målrette tiltaka meir geografisk og mot dei unge. Difor vil KrF ha ein tiltakspakke på 1,5 mrd. kroner retta mot Sør- og Vestlandet og mot ungdom. Det vil vere eit sentralt krav i revidert nasjonalbudsjett. Tiltaka må finansierast med økt oljepengebruk, i tråd med handlingsregelen. Den legger opp til eit handlingsrom for auka pengebruk som eit motkonjunkturtiltak i nedgangstider.
KrF vil sette av 1 mrd. kroner til vedlikehald og oppgradering av bygningar og infrastruktur i kommunane på Sør- og Vestlandet. Hordaland er eitt av fylka vi prioriterer.
LES OGSÅ: Byrjar med karriererettleiing i Knarvik: – Vi ønsker å vera innovative
Andre strakstiltak er 1000 fleire næringartil bedriftsintern opplæring, der bedrifter med store omstillings- eller strukturproblem kan ta imot tilskot til opplæring av eigne tilsette, som eit alternativ til permittering. Vi trenger også ekstra studieplassar for å omskolering av ulike yrkesgrupper bla ingeniørar.
Vi bør også fylle opp ordningar for investeringsstøtte og liknande under Innovasjon Norge og ENOVA. Lærlingtilskotet bør aukast med 5000 kroner pr. kontrakt, for å hjelpe fleire unge med yrkesfag inn i arbeidslivet. Og KrF vil ha 1000 fleire tiltaksplassar, øyremerka unge.
Det må takast grep mot arbeidsløysa i revidert nasjonalbudsjett i vår, og det vil KrF krevje .
LES OGSÅ: Arbeidsløysa aukar mest i Lindås - ordføraren uroa