Gratulerer med fredsprisen!

Dette bildet er tatt for boka:  «Kvinner bærer halve himmelen» på Kom Forlag,  om ofra for valdtekt under krigen i Kongo, og dei som jobbar med å hjelpe desse. Her ser vi doktor Mukwege ved Panzi sjukehus som har fått Nobels fredspris 201 saman med Nadia Murad.

Dette bildet er tatt for boka: «Kvinner bærer halve himmelen» på Kom Forlag, om ofra for valdtekt under krigen i Kongo, og dei som jobbar med å hjelpe desse. Her ser vi doktor Mukwege ved Panzi sjukehus som har fått Nobels fredspris 201 saman med Nadia Murad. Foto:

Av
DEL

LesarbrevNadia Murad og Denis Mukwege har motteke Nobels Fredspris 2018. Dei har fått prisen for det modige arbeidet sitt mot valdtekt som våpen. Nadia Murad er frå Irak, og Denis Mukwege kjem frå DR Kongo, to land som ligg langt frå kvarandre. Dette illustrerer kor omfatende dette problemet er, og kor vanleg det er å bruka seksualisert vald som våpen. Det øydelegg menneske og samfunn i eit omfang vi knapt kan ana.

Frå 1994 har Kirkens Nødhjelp og gjevarane i Noreg støtta arbeidet Mukwege først dreiv frå en mobil klinikk. Det blei starten på Panzi-sjukehuset og etter kvart rehabiliteringssenteret Dorcas Hus i Bukavu i Aust-Kongo. Fleire enn 50.000 kvinner har fått kirurgisk behandling på sjukehuset og terapi takka vere Panzi-stiftinga og gjevarane i Noreg og andre stader.

Kirkens Nødhjelp har vore med på å dokumentera overgrepa mot jesidiane, og har dei siste 3 åra hatt ansvaret for vatn og sanitær i Qadiya flyktningleir for jesidiar heilt nord i Irak. Traumebehandling er også en viktig del av arbeidet. Nadia Murad budde i denne leiren til ho fekk hjelp til å dra til Tyskland. Sju av søskena hennar og stemora hennar bur framleis i leiren.

Dei to fredsprisvinnarane står i fronten for kampen og betaler en høg pris. Som alle andre frontkjemparar er dei avhengige av støttespelarar. Difor deler Murad og Mukwege gleda over årets fredspris med alle desse støttespelarane. Gjennom fasteaksjonen, kyrkjeoffer og andre gåver har vi alle i fellesskap gjennom Kirkens Nødhjelp fått høve til å støtta dette arbeidet for å redda liv og gje menneske verdigheita tilbake.

Og samstundes vil vi løfta fram Mukwege si oppmoding: Rettferd er eit ansvar alle har! Vi vil i tida framover krevje at overgriparane blir stilte til ansvar, og siterer Mukwege frå han var i Noreg i mai i fjor: «Du kan ikkje seia at du ikkje kan gjera noko, du kan bruka stemma di. Når kvinnene fortel historia si, bruk historiane som det kostar dei mykje å fortelja – bruk dei til å krevje forandring! Du bur i eit land der du ikkje vert truga på livet ved å gjera det, du har det trygt og godt. Ta ansvar, bruk stemma di og krev at dette tek slutt!»

I dag gratulerer vi alle gjevarar og støttespelarar. I morgon brettar vi opp erma våre, klare for ny innsats.

Lisa Sivertsen, Fung. gen.sekr., Kirkens Nødhjelp

Gunnar Kartveit, Regionskoordinator for Kirkens Nødhjelp i Bjørgvin

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags