Stølsheimen er trygg, men andre område står for tur

Arild Hermstad, Nasjonal talsperson, Miljøpartiet Dei Grøne og Karina Garnes Reigstad, Leiar Utval for nærings- og arbeidslivspolitikk, Miljøpartiet Dei Grøne.

Arild Hermstad, Nasjonal talsperson, Miljøpartiet Dei Grøne og Karina Garnes Reigstad, Leiar Utval for nærings- og arbeidslivspolitikk, Miljøpartiet Dei Grøne. Foto:

Av
DEL

LesarbrevNVE la måndag denne veka fram den nasjonale rammeplanen for vindkraft. Endeleg får vi ein rammeplan for vind på land. Det er bra, men ikkje eitt minutt for tidleg!

For det første kjem planen lenge etter at det allereie er gitt mange konsesjonar i Noreg, noko som har skapt unødig mykje motstand og konflikt. For det andre kjem den på eit tidspunkt kor det er på tide å sette fart i vindkraftsatsinga til havs.

At mange område i Hordaland med dette er utelukka frå vindparkar er svært viktig og oppløftande! Vi er glade for at områda heilt ute ved kysten i Hordaland ikkje er aktuelle for utbyggingar, og så er det grunn til å juble over at områda nærast Stølsheimen er tatt ut.

Samtidig er det duka for kamp mot nedbygging av sårbar natur ein del andre stader, ikkje minst i områda som ligg tett opp til Folgefonna nasjonalpark.

Vindkraft er eit viktig våpen i kampen mot klimaendringane. Globalt sett er vindkraft ein av dei teknologiane som gir håp om at vi klarer å løyse klimakrisa. For å kunne gjennomføre det grøne skiftet treng også vi noko vindkraft på land, men vi bør ikkje akseptere naturøydeleggingar som NVE sin rammeplan kan legge opp til.

Ei rekke vindkraftprosjekt på land er allereie i ferd med å bli bygd ut, og NVE har anslått at 25 TWh ny vindkraft kan bli bygd i Noreg innan 2030. Bransjen meiner sjølv dette anslaget er for høgt.

Dette er området NVE ser for seg vindkraftutbygging i Nordhordland og Gulen.

Dette er området NVE ser for seg vindkraftutbygging i Nordhordland og Gulen. Foto:

Noreg er eit land med mykje sårbar natur. Framtidige konsesjonar på land må i all hovudsak vere i område kor det allereie er store naturinngrep, som for eksempel langs motorvegar. Landbasert vindkraft i Noreg vil difor ikkje vere ein veldig viktig del av klimaløysinga.

Potensialet til havs er mykje større! Det gir meir straumproduksjon pr. vindmølle, og mindre arealkonflikt, og knapt noko inngrep i byggefasen, i skarp kontrast til vindkraft på land. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) tar difor til orde for ei storstilt satsing på havvind. MDG vedtok på landsstyremøtet i helga eit forslag om å doble norsk fornybar kraftproduksjon innan 2030 – der hovudsatsinga skal vere vindkraft til havs. Det vil vere ei viktig satsing for klimaet, og kan erstatte fossil energi både i Noreg og i Europa. For å få fart på utviklinga vil vi jobbe for å få på plass ei refusjonsordning for havvindprosjekt etter modell frå oljeindustrien.

Ei slik satsing vil også skape mange nye arbeidsplassar for utviklarar, kraftindustri, og leverandørindustri – arbeidsplassar for framtida basert på kompetansen vi har i oljeindustrien. Det er på tide å sjå til havet, der ligg framtida for norsk vindkraft.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags