Naturvernforbundet Nordhordland, Austrheim, Fedje og Masfjorden?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Meiningar

Skal det vera namnet på lokallaget vårt i framtida? Sjølvsagt ikkje. Namnet er misvisande, diskrimerande og håplaust upraktisk. Nordhordland er ikkje eit kommunenamn, men namnet på regionen som Naturvernforbundet Nordhordland dekkjer. Slik er det for fleire organisasjonar og samanslutningar i Nordhordland. Så gløym å kalla den nye storkommunen for Nordhordland.

LES OGSÅ: Knarvik kommune

Vel heller eit samlande namn med historisk og symbolsk tyngd; Alver, Seim, Lindås eller Alenfit. Personleg går eg for Alver; gamal kyrkjestad midt i den nye storkommunen og eit historisk knutepunkt i den indre farleia nordover.

Jan Nordø

Leiar i Naturvernforbundet Nordhordland

LES OGSÅ: Nordhordland som namn er misvisande

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags