Sjå kva som skjer i nord

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) og resten av regjeringa følger truleg med på det som skjer i Sunnfjord med argusauge om dagen. Regionen nord for oss har nemleg komme lenger i løpet om kommunesamanslåing enn vi har i Nordhordland. I alle fall når det gjeld sjølve prosessen.

For mens vi framleis arrangerer folkemøte og diskuterer korleis innbyggarane skal komme til orde, har dei allereie gått til urnene i fleire Sunnfjord-kommunar. Måndag vart det halde folkerøysting i seks kommunar og opinionsundersøkingar i tre. Ikkje ulikt situasjonen i vår region er diskusjonen eit Stor-Sunnfjord eller fleire mindre samanslåingar.

LES OGSÅ: Gulen-ordføraren er overraska over masfjordingane

Kva dette til slutt endar med er framleis ganske uklart. Det som er sikkert er at kystbyen Florø stemde nei til samanslåing og blir ståande åleine. Dette var som forventa. Også Solund er klare på at dei vil stå åleine.

Elles er det fleirtal i Førde, Jølster, Gaular og Naustdal om samanslåing, der Førde sjølvsagt blir det naturlege regionsenteret. Her skal ein merka seg at fleirtalet er svært knapt i Jølster og Gaular, med omsynsvis 51/49 og 52/48. Ein smått komisk situasjon er den som har oppstått i Jølster. Innbyggarane er knapt for, medan fleirtalet i kommunestyret er mot.

Vi skal også merka oss at valdeltakinga har vore låg, under 50 prosent fleire stadar. Unntaket er Jølster, der deltakinga var 70 prosent etter høg temperatur i debatten i lang tid.

LES OGSÅ: Næringslivet i Gulen kan tapa millionar på kommunesamanslåing

I kommunane nærmast oss har det vore eit HAFS-alternativ, med Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Dette alternativet er veldig uklart, ettersom Askvoll og Hyllestad er splitta.

Så kanskje har ikkje sunnfjordingane komme så mykje lenger enn oss likevel?

Det prosessen i Sunnfjord uansett fortel oss er at fleirtala er knappe. Det andre er at valdeltakinga, med eit unntak, er skuffande låg i eit tema som har alle ingrediensar for å engasjere og mobilisere.

LES OGSÅ: Masfjordingane snur seg vekk frå Gulen

Vi meiner alle i Nordhordland uansett bør ha eit auge til kva som skjer i regionen nord for oss. Skulle kommunane der finna saman til eit Stor-Sunnfjord, trur vi det vil vera uklokt av oss i Nordhordland å ikkje gjera det same. Verken Knarvik som regionsenter i Lindås eller dei andre kommunane er tent med at Sunnfjord-regionen blir sterkare når det i framtida garantert blir kamp om offentlege tenestetilbod og institusjonar.

Vi meiner alle i Nordhordland uansett bør ha eit auge til kva som skjer i nord.

LES OGSÅ: Refsa samanslåingsprosessen i Nordhordland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags