Førre helg var eg på vakt for avisa Nordhordland, og søndag reiste eg til Dyrkolbotn for å dekke støttemarsjen for Stølsheimen, i regi av Bergen og Hordaland Turlag. Eg hadde korkje spesielt store forventningar eller gjort meg opp mange tankar om arrangementet, anna enn at eg i utgangspunktet ikkje er særleg begeistra over tanken på gigantiske vindmøller i det vakre fjellandskapet vårt.

Men då eg høyrde Naturvernforbundet og Turlagets apeller, vakna det noko i meg; eit engasjement eg ikkje trudde eg hadde. Å høyre at det i Stølsheimen blir planlagt 300 vindkraftturbinar, som kvar og ein er opptil 250 meter høge - og at det for kvar turbin må byggast 800 meter med breie grusvegar, som igjen betyr at fellknauser og andre hindringar må sprengast og raderast - ja, då kjende eg at eg vart fysisk uvel.

Då eg såg ned mot dei 550 turkledde menneska, som høyrde på appellane med alvorlege ansikt, såg eg noko eg ikkje var førebudd på; innimellom folkemengda stod fleire og grein.

Eit ektepar var så bevega, at eg sjølv måtte felle ei tåre over og sjå kor sterkt dette var for dei.

 

Myndigheitene ønsker auka utbygging av vindkraftverk, og mellom anna er store delar av Stølsheimen vurdert som aktuelt for utbygging av vindkraft.

Eg kjenner eg vert uroa av tanken.

 

For å teikna eit bilde; tårnet på Nordhordlandsbrua er 99 meter høgt. Dei planlagde vindmøllane er 250 (!) meter. Og la meg gjenta; 300 slike vil dei plassera i Stølsheimen. Noko må gjerast, eg er heilt skaka over at dette faktisk kan verta ein realitet.

I helga tok eg med mi fem år gamle dotter til Stølsheimen. Vi sette oss ned, og kika mot fjell og fossen i det fjerne. Her vil altså myndigheitene øydelegge alt for alltid. Eg tenker med skrekk på at mi dotter kanskje aldri får moglegheita til å ta med sine born hit - og stolt visa fram den vakre og uberørte naturen.

Det å ikkje kunne trekka seg tilbake, pusta inn frisk fjelluft og berre sjå vill, vakker og urørt natur framfor seg vil for mange kunne verta ei sorg større enn det er mogleg å bere. Eg personleg meiner dette ikkje bør skje, vi må kjempe for å bevara fjella og naturen vår, slik at også neste generasjon får lov til å oppleva det same som oss.

 

Les også

Eg hadde aldri trudd det å vera småbarnsmor skulle vera så intenst som det faktisk er