Skyss svarar: – Vi er lei for at skulereisa ikkje har vore trygg og føreseieleg

Stina og Sivert Leivestad Morvik

Stina og Sivert Leivestad Morvik Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarVi viser til innlegget frå Stina og Sivert Leivestad Morvik, klasse 9b ved Knarvik ungdomsskule.

Først av alt, takk for at de bryr dykk og gjer noko med ein situasjon som de opplever som trafikkfarleg. Det var mange ulike ting å ta tak i her, og vi har prøvd å nøste opp i saka så godt som mogleg.

De skriv at det har hendt fleire gonger i haust at bussen til Vassbygdvegen ikkje har dukka opp om morgonen, og vi kan sjå av registreringane våre at det har vore fleire avvik på morgonturane. I Skyss er vi opptekne av at skulereisene skal vere trygg og føreseielege, og vi er lei for at dette ikkje har vore slik for dykk den seinare tida. Både Skyss og bussoperatør tek denne saka svært alvorleg, og vil følgje særskilt med på desse avgangane vidare.

De skriv òg at de ofte har ståplass på bussen frå Seim til Knarvik, og at det då da mellom anna har oppstått uheldige bremsesituasjonar. Vi har sjekka passasjerstatistikken på denne linja for ein lengre periode, og den viser mykje ledig setekapasitet på den aktuelle avgangen. Dette er noko vi vil halde auge med vidare for å vere sikre på at kapasiteten er god.

Når det gjeld korrespondanse på Seim bru, så skal de skuleelevar sleppast av etter at bussen har snudd slik at de slepp å krysse vegen. Det er svært viktig at dette blir gjennomført, og vi har teke saka vidare for å sikre at den blir følgd opp.

Om ettermiddagen kjem elevane både med ein stor og ein mindre buss. Den store bussen skal stoppe ved Lindåsvegen slik at elevane ikkje treng å krysse hovudvegen for å kome til drosja. Den mindre bussen skal køyre inn i Lurevegen og sleppe av elevane der. Elevane må då nytte undergangen for å kome over på andre sida av vegen der drosja står klar og ventar. Drosjesjåføren er kjend med situasjonen og skal vente på at elevane går trygt via undergangen.

Vi har forståing for ønsket om å ha med seg venner heim i drosje etter skoletid og skyss heim frå konfirmasjonsundervisning. Likevel er det slik at skoleskyss er ei ordning for elevar som har rett til skyss til og frå skolen og til start- og sluttida etter særskilt vedtak. Ordninga kan derfor ikkje utvidast til å gjelde andre elevar eller reisebehov.

Takk igjen for viktig engasjement. Vi arbeider kontinuerlig for å gjere busstilbodet betre, og er takksame for konkrete innspel, spesielt når noko ikkje fungerer som det skal. Ta gjerne kontakt med oss direkte dersom de har fleire spørsmål eller skulle oppleve at rutinane ikkje fungerer som dei skal.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags