«Vi drøymer om ein større bygning med symjehall, kino og kiosk»

6. klasse på Eikanger skule ønsker seg symjehall i Knarvik. Bildet er frå bassengopninga på Rossland i 2017.

6. klasse på Eikanger skule ønsker seg symjehall i Knarvik. Bildet er frå bassengopninga på Rossland i 2017. Foto:

Av

Vil ha symjehall til Knarvik.

DEL

LesarbrevVi er ein gjeng med 11- 12 åringar som ynskjer oss symjehall i Knarvik. Symjetilbodet vi får på skulen er ikkje godt nok, da vi berre er i symjehallen 12 gonger i løpet av skuleåret. På grunn av dette tar det lang tid før barn lærer seg å symje. Dei fleste treng meir enn 12 veker i året for å lære seg å symje.

Dei som er medlem av idrettsklubber får tilbod på Ostereidet og liknande, men det finnes ingen hall som er open for alle. Eit slikt tilbod må ein reise til Radøy for å finne. Det blir er litt for lang køyreveg, i tillegg til at det blir dyrt og upraktisk.

Kvifor ikkje få eigen symjehall i Knarvik? Ein symjehall som er open heile året, og som har lave priser. Gjerne familiebillettar, slik at familiar kan finne på noko saman.Eit slikt tilbod vil gjere det lettare å vere aktiv, samstundes med at fleire får moglegheit til å lære seg å symje. Kanskje kunne det også blitt ein møteplass for barn og unge. Vi i sjetteklasse drøymer om at det kunne vore ein større bygning med symjehall, kino og kiosk.

Beste helsing 6. klasse på Eikanger skule.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags