Super service av Julian på REMA 1000 !

Rema 1000 Knarvik

Rema 1000 Knarvik Foto:

Av

- No skriv eg for å gje ros til Julian!

DEL

LesarbrevEg byrjar visst å verta gamal, i alle høve om eg skal fara etter alt eg gløymer.

Hin dagen reiste eg til Knarvik for å handla noko eg hadde gløymt dagen før. Då eg kom inn på REMA 1000 gjekk det opp for meg det som verre var: eg hadde gløymd lommeboka heime.

Gode råd var dyre, då det nærma seg stengetid. "Du får mota deg opp og høyra i kassa om det finst ei råd", sa eg til meg sjølv. Telefonen hadde merkeleg nok sneke seg med på turen, so kanskje dei tok Vipps?

I kassa sat ein hyggjeleg og smilande ungdom, som svara høfleg: "Dessverre, du må nok ha kontantar eller kort. Men, hvis du ikkje skal handla so mykje, so kan eg betala for deg, so Vippsar du berre til meg!" Eg so gjorde. Henta det eg skulle ha, han betalte for meg, og eg Vippsa attende. Då kom namnet Julian opp på telefonen, og no skriv eg for å gje ros til Julian, og til REMA 1000 som tydelegvis legg vekt på å læra sine tilsette noko om kva service er!

I tillegg vart dette ei påminning til meg om kor viktig det er for oss alle å ikkje berre ta enklaste utvei og svara "Nei" når nokon treng hjelp, men i staden bruka hovudet for å finna gode løysingar.

Dette gjorde Julian på ein glimrande måte, og det fortener han takk og merksemd for!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags