– Vi er redd kvar gong vi kryssar vegen. Vi veit at det har oppstått farlege trafikksituasjonar, også dødsulykker. Vi ønskjer ikkje å bli ein del av denne statistikken.

REDDE: – Vi spring opp mot Lindåsvegen slik at drosjen skal sjå oss, og forsøker å finne ei luke i trafikken, der vi kan krysse vegen. Vi er redd kvar gong vi kryssar vegen, skriv Stina og Sivert Leivestad Morvik i dette innlegget.

REDDE: – Vi spring opp mot Lindåsvegen slik at drosjen skal sjå oss, og forsøker å finne ei luke i trafikken, der vi kan krysse vegen. Vi er redd kvar gong vi kryssar vegen, skriv Stina og Sivert Leivestad Morvik i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKjære Skyss og Lindås kommune.

Ei kort orientering om vår oppleving.

I dette lesarinnlegget vil vi fortelje litt om korleis vi opplever skuletransporten frå Vassbygdvegen etter at Nettbuss overtok anbodet hausten 2018.

Vi som bur langs Vassbygdvegen opplever skuletransport til og frå ungdomsskulen som farleg! Vi veit at kundar har gitt Skyss melding om dette tidlegare i haust, men vi opplever ikkje nokon forbetring. Vi opplever framleis vår skuleveg som farleg. Nå må Skyss og Nettbuss kome på banen og ordne opp. Vidare lurar vi på om det er greitt for Skyss og Nettbuss at vi må stå på bussen, frå Seim til Knarvik nesten kvar dag. Ville du, direktør i Skyss, stått på bussen til jobb kvar dag?

I haust har vi fleire gonger opplevd at bussen i Vassbygdvegen ikkje har dukka opp om morgonen. Resultatet er at vi på ungdomsskulen har komme for seint. Slik var det ikkje då Fjordhesten kjørte denne ruta.

Vidare opplever vi det som urettferdig at vi ikkje får ha vener med heim etter skulen. Vi langs Vassbygdvegen har drosje som transport heim dei fleste dagane i veka. At vi blir nekta av Nordhordland taxi å ha med venar heim, ser vi på som ein sosial krenking i høve til å delta i sosialt samspel.

Kvifor opplever vi skuleruta som farleg?

Om morgonen kjører skulebussen på Lindåsvegen gjennom tunellane på Seim, og svingar så av i krysset på Vatnet for å kjøre til Seim skule. Bussen slepp oss av slik at vi må krysse Lurevegen, og gå opp til busstoppet på Vatnet. Det er mykje trafikk i vegkrysset på Lurevegen om morgonen. Vi må vere merksame på trafikk som kjem frå øst og vest på Lindåsvegen, og trafikk som skal kjøre inn på Lurevegen. Vi må også vere merksam på trafikken frå Seim, som skal inn på Lindåsvegen. Vi er redd når vi kryssar Lurevegen om morgonen. Lurevegen har ikkje gangfelt, og det er mørkt om morgonen. Alt regnet gjer sikta dårleg for bilistane.

I haust prøvde Skyss å gjere skulevegen vår tryggare. Vi fekk informasjon frå Skyss om at skuleruta om morgonen skulle korrespondere på Seim bru frå 01.10.18. Dette har blitt praktisert av bussjåføren heile to gonger. Vi ser ikkje at korrespondanse på Seim bru vil gjere skulevegen vår mindre farleg. Trafikken om morgonen på Lurevegen ved Seim bru er stor. Her kjem det bilar som skal til og frå Seim Skule, samt bilar frå Furuberget. Vi må krysse vegen i eit vegkryss, og må vere merksame på tre ulike vegar, før vi kan gå over vegen. Lurevegen ved Seim bru har heller ikkje gangfelt, og mørket om morgonen og regn gjer sikten for bilistane dårleg.

Vi ønskjer å få til korrespondanse mellom bussene om morgonen på nye Hjelmtveit veg slik Fjordhesten gjorde det. Då slepp bussen oss av på Lindåsvegen, på same side som vi blir plukka opp av korresponderande buss, noko som sikrar oss ein trygg skuleveg. Bussen som slepp oss av, og skal vidare til Seim, kan snu i krysset med Hjelmtveit og køyre attende til Seim.

Slik det er no, er det også trafikkfarlig om ettermiddagen når vi skal heim. Vi må då krysse Lindåsvegen på Vatnet igjen. Bussen som kjem frå Knarvik, og skal til Seim, slepp oss av etter at bussen har svinga av på Lurevegen. Drosjen står på høgre side av Lindåsvegen, mellom tunellane på Vatne, og ventar på oss. Her er det ei undergrunn som vi kan bruke, men det tar oss fleire minuttar å bruke denne. Vi fryktar drosjen skal tru vi ikkje skal være med, og kjøre i frå oss. Vi spring derfor opp mot Lindåsvegen slik at drosjen skal sjå oss, og forsøker å finne ei luke i trafikken, der vi kan krysse vegen. Vi er redd kvar gong vi kryssar vegen. Vi veit at det har oppstått farlege trafikksituasjonar i dette krysset; også dødsulykker. Vi ønskjer ikkje å bli ein del av denne statistikken. Kvifor kan ikkje skuletransporten om ettermiddagen kjører oss til Seim skule? Der kan vi lett og trygt korrespondere med transport til Vassbygdvegen, slik Fjordhesten praktiserte det.

Må vi stå på bussen kvar dag?

Ein annan situasjon vi opplever som utrygg, er at dei fleste av oss har ståplassar på bussen frå Seim til Knarvik. Det har oppstått situasjonar der bussen har bremsa, og vi har dunka inn i medpassasjerar og inventar i bussen. Vi trudde det var eit påbod med setebelte i bussen, og finn det underleg at det skal vere lov og trygt for oss å stå på bussen heile vegen frå Seim til Knarvik.

Kvifor kjem ikkje bussen om morgonen? Vi ventar!

Kanskje underleg at elevar på ungdomsskulen ynskjer å kome presis på skulen, men skulen er faktisk viktig for oss.

Etter at Nettbuss tok over, har vi på Vassbygdvegen opplevd å kome for seint til skulen fleire gongar. Bussen 07.35 kjem ikkje. Vi har kontakta Skyss kvar gong dette har skjedd, og får då beskjed om at vi kan tinga ein drosje. Men då må vi barn og unge sjølv betale for drosjen til skulen, og seinare få pengane attende hjå Skyss! Vi er skuleelevar som ikkje har pengar til drosje. Foreldra våre er på arbeid og kan ikkje kjøre oss når bussen ikkje kjem. Vi har nokre gongar fått sitje på med bussen til barneskulen, som kjem til Vassbygdvegen ein halv time seinare. Men vi rekk likevel ikkje korresponderande buss på Vatne. Resultatet er at vi kjem ein time for seint til skulen. Konsekvensar for oss elevar er at vi går glipp av timar, presentasjonar og prøvar, medan lærarane må sitje av ny tid til oss. Ein skulle jo tru at ei skulerute i 2018, har som mål at alle elevane rekk skulen kvar dag?

Kvifor får vi ikkje ha med vener heim?

Vi langs Vassbygdvegen har drosje som transportmiddel frå Vatnet og heim fire gonger i veka. Sjåføren har namn på dei som skal sitje på. Nordhordland Taxi har instruert alle sjåførane om at vi ikkje får ta med oss vener heim, sjølv om det er plass i drosjen. Det er heller ikkje muleg å betale for å få sitte på. Vi opplever dette som urettferdig og diskriminerande. Kvifor skal vi som bur langs Vassbygdvegen ikkje få ha med vener heim, på lik linje med dei som har buss som transportmiddel? Slik vi ser det, skal vel drosjen likestillast med skuleskysstransporten? Sjåførane på Fjordhesten løyste dette. Når Nordhordland Taxi nektar oss å ha venner med heim, rammar det elevar på ungdomsskulen, vidaregåande skulen og barneskulen. Skyss – kvifor skal ikkje vi få ha med vener heim etter skulen?

Skuleskyss heim kvar dag?... Ja, nesten

Ein annan snodig konsekvens av skuletransporten anno 2018 er fylgjande: Dei måndagane vi på niande trinnet har konfirmantundervisning, er vi ferdig 13.30 i Knarvik. Men då har vi ikkje noko transport heim. Vi har ikkje noko anna val enn å ta Lindås bussen som går frå Knarvik ca. 14.00 til Hundvin Handel, og gå heim. Det vil sei ein tur på 50 – 60 minutt med tung skulesekk på ryggen.

Kven andre må gjere det? Er det slik den nye skuletransporten er meint å fungere? Er det andre i kommunen som slit med liknande transportproblem? Vi trudde skuleskyssen med Nettbuss skulle bli betre, og at vi skulle komme oss heilt heim frå skulen kvar dag.

Ønskjer Fjordhesten tilbake

No har vi gjort dykk merksam på korleis skuletransporten for oss langs Vassbygdvegen fungerer. Vi har i haust gått glipp av timar og faglige vurderingar på skulen. Me opplever at drosjeordninga krenker oss sosialt, og vi får ikkje transport heim dei dagane vi har konfirmantundervisning.

Slik vi ser det, løyste Fjordhesten, som tidlegare hadde ruta til og frå Vassbygdvegen, transporten på ein framifrå måte. Vi opplevde at dei fann trygge og gode løysingar på transporten til og frå skulen. Me vendar oss no til Skyss og Nettbuss, i håp om at de vil finne gode løysingar på våre utfordringar når det gjeld skuleskyss langs Vassbygdvegen. Transport handlar ikkje berre om anbod og økonomi. Det handlar mest om trygge og gode tenester for folk i kommunen. Kanskje kan nokon snakke med Fjordhesten om korleis dei løyste utfordringane? Eller kanskje endå betre - er det mulig at Fjordhesten kan starte oppatt med si transporttenesta?

Håpar på ein positiv tilbakemelding.

Beste Helsing Stina og Sivert, klasse 9b ved Knarvik ungdomsskule

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags