Kan ein «skuletapar» vera med å styra Alver Kommune?

Av
DEL

LesarbrevSvaret er ja!
Dersom «problembarnet» får hjelp i rett tid og Senterpartiet får nok stemmer kan det bli ein realitet.

Eg sleit på ungdomsskulen, og eg er ikkje heilt viss på om det var for å hjelpa meg eller om det var for å gje skulen eit «friminutt» frå meg, men eg fekk i alle fall praksisplass på ein gard ein dag i veka.
Dette redda meg!


Bonden var ingen pedagog, men han nådde inn til meg og hadde trua på meg.
«Du er ingen «tøsk», dette klarar du».
Når eg fekk dei praktiske døma på kva matematikken kunne brukast til, som f.eks. å rekna ut kor mykje kraftfór ei ku skulle ha alt etter kor mykje mjølk ho produserte, eller å rekna ut kor mange kubikk med silofór der var i siloen, for å finna ut om det var nok fór til alle dyra gjennom vinteren, vart teorien nyttig og forståeleg for meg.

I dag jobbar eg som Inspektør i Oceaneering Asset Integrity der eg til ei kvar tid må halda meg oppdatert på lover, forskrifter og standardar og har sjølvsagt erfart kor nyttig teoretisk kunnskap er. Fagbrev har eg òg tatt.

Det at eg fekk moglegheit til eit avbrekk frå den teoretiske skulekvardagen, gjennom ein praksisplass, gjer at eg står stødig på eigne bein i dag. Eg ser heilt klart at eg utan denne moglegheita kunne hamna i ein heilt anna kategori.

I programmet til Senterpartiet står det: Alver Senterparti vil ha på plass fleire samarbeidsavtalar med sikte på praktisk retta opplæring, slik som t.d. «Inn på Tunet» eller andre alternativ som er meint for å hjelpa ungdom som slit på skulen.
Det vert òg presisert at den enkelte skule og lærar må få fridom til å nytta gode undervisingsmetodar, og gje elevane nødvendig tilpassa opplæring.

Dette er noko eg brenn for og vil følga opp!
Eg har sjølv kjent på kroppen kva ei slik moglegheit betyr.


Alver Senterparti

Vidar Langøy-Jørgenvik

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags