Alver AP seier ja til heile, faste stillingar og ja til fleire lærlingar

Meland-ordførar Øyvind Oddekalv.

Meland-ordførar Øyvind Oddekalv. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI Alver kommune vil kommunen, som dei tre kommunane er det i dag, vere den største arbeidsgjevaren. Dette er noko som forpliktar politisk, sidan ein som folkevalt i kommunestyret er ansvarleg for den overordna arbeidsgjevarpolitikken. Og det er ei oppgåve som ein må vere seg sitt ansvar bevisst, dei folkevalde er øvste arbeidsgjevar for alle som er tilsette i kommunen.

For Alver kommune er det viktig å vere ein god og attraktiv arbeidsplass, dette handlar om både rekruttering og kompetanse. Den aller viktigaste ressursen er den menneskelege ressursen, dvs. dei tilsette som jobbar i kommunen. Og trygge og motiverte tilsette er viktig for å gi best mogleg tenester til innbyggjarane. For Alver Arbeidarparti er det svært viktig at dei grunnleggande kommunale tenestene blir utført i eigenregi, derfor vil vi arbeide mot konkurranseutsetjing og privatisering i den nye kommunen. Og derfor gjekk Arbeidarpartiet i Meland i spissen for at alt det kommunale reinhaldet skulle tilbake i eigenregi, her fekk vi heldigvis god støtte frå eit fleirtal i kommunestyret i Meland.

Ei svært viktig sak i neste kommunestyreperiode vil vere kampen for heile og faste stillingar i kommunen. Dette er ei viktig sak i både privat og offentleg sektor, det handlar ofte om å ha moglegheit til å ha ei god nok løn til å leve av. Og som største arbeidsgjevar i kommunen må Alver kommune gå framfor og gi heile og faste stillingar til dei tilsette i kommunen. Det er ingen «quick-fix» å skape ein heiltidskultur, og spesielt innan pleie- og omsorgstenestene er dette ei utfordring. Og det er berre godt og systematisk arbeid over tid som kan gje resultat.

Det er vi folkevalde som skal vere med å forme framtidas omsorgstenester. Å skape ein heiltidskultur er heilt avgjerande for å sikre kvalitet og tilstrekkeleg kompetanse i dag og i framtida. Det er vel ingen norske kommunar som har ein heiltidskultur i dag, men dei som har komme lengst har eit godt trepartssamarbeid lokalt. Konstruktivt og godt lokalt samarbeid mellom folkevalde, leiarar/administrasjon og tillitsvalde er ein suksessfaktor. I arbeidet med å skape ein heiltidskultur treng vi perspektiva til alle tre partar, men det er gjerne vi folkevalde som har ansvaret for å skape arenaer der trepartssamarbeidet kan fungere og ein saman kan arbeide for å skape ein heiltidskultur i kommunen.

Heile og faste stillingar er og viktig for rekrutteringa til pleie- og omsorgstenestene. Og vi er heilt avhengige av at mange nok vel å arbeide innan sektoren i framtida, i tillegg til at ein arbeider på nye og smartare måtar, jf. satsinga på omsorgsteknologi. Her er det og viktig at kommunen tar samfunnsansvar som lærebedrift. Alver Arbeidarparti meiner at kommunen som arbeidsgjevar minst skal oppfylle KS sitt krav som er 2 lærlingar per 1000 innbyggjarar. Her må Alver kommune forplikte seg til å ta inn eit tal lærlingar per år, gjennom ein type «læreplassgaranti»-avtale mellom Nordhordland Næringslag, kommunen og den vidaregåande skulen.

For å følgje opp dette er det avgjerande viktig at dei folkevalde har på leiartrøya og tar ansvar. Dette er Alver Arbeidarparti klare for og vi vil på første møte i administrasjonsutvalet, som er der trepartssamarbeidet i kommunen blir utført, etter valet setje heiltidskultur og lærlingar på sakskartet. Fordi det handlar om trygge og gode tilsette og fordi det handlar om best mogleg tenester til innbyggjarane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags