NGIR må ha back up-plan

Bossbil på Hundvin.

Bossbil på Hundvin. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeiarI oktober i fjor skreiv vi fleire saker om at Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsverk (NGIR) hadde inngått kontrakt med selskapet RenoNorden om å køyre bosset i Nordhordland frå nyttår.

RenoNorden var omstridd allereie på det tidspunktet, og det vekte reaksjonar blant fleire då selskapet fekk kontrakten heile 37 millionar billigare enn anbodet frå den førre operatøren, ReturaVest. NGIR følte seg derimot på den sikre sida og forsvarte kontrakten. Kontrakten er på seks år, men det kan vise seg at det interkommunale selskapet allereie no kan få eit kjempeproblem i fanget.

RenoNorden har stupt på børsen det siste året og mista over 90 prosent av verdien. Selskapet står no i overhengande fare for å bli slått konkurs. Denne veka har NGIR vore i krisemøte med selskapet i Oslo utan å bli veldig mykje klokare. RenoNorden jobbar med saka og håpar å få på plass frisk kapital, er det som blir sagt.

Men NGIR kan ikkje sitte i ro og vente på at den prekære situasjonen forhåpentlegvis skal løysa seg. Skulle RenoNorden gå konkurs risikerer dei at bosset i Nordhordland og Gulen ikkje blir henta. Det blir fort eit problem som vil ramme innbyggarane. NGIR må no få mest mogleg opplysningar ut av RenoNorden og få oversikt over situasjonen. Det har vi tillit til at leiinga i NGIR gjer. Leiinga veit nok også meir enn dei går ut med i avisa ettersom dei har skrive under på tausheitserklæringar.

Framover må NGIR-leiinga jobbe med å få på plass backup-planar i tilfelle gigantselskapet skulle bli slått konkurs, for ein kan ikkje komme i ein situasjon der bosset ikkje blir henta. Også dette ser NGIR ut til å ha forstått raskt, skal vi tru avtroppande dagleg leiar Erlend Kleiveland ettersom dette no blir jobba med.

Kva som er årsaka til RenoNorden-kollapsen er foreløpig eit stort mysterium. Selskapet har dei siste åra hatt ein omsetnad på mellom 500 og 600 millionar kroner, og hatt driftsresultat på mellom 80 og godt over 100 millionar kroner. Så har det også blitt betalt enorme summar i konsernbidrag.

Ting kan tyde på at fleire av anboda selskapet har levert er kraftig underprisa og at det er framtidige kostnadar som er årsaka til at aksjekursen har falle som ein stein. For NGIR å trekka noko lærdom er for tidleg når utgangen av saka er ukjend, men at det billegaste anbodet i ein anbodsprosess alltid er best, er det ofte grunn til å vere skeptisk til.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags