Dei unge må engasjera seg

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeiarI slutten av mai fekk vi eit engasjert og personleg lesarbrev frå Benjamin Langenes som går i 8b på Knarvik ungdomsskule. Teksten skreiv han til ei oppgåve på norsktentamen, og handlar om ein gut som slit med å finna seg til rette på skulen.

«Ikkje berre det at Per ikkje er teoretisk interessert, han har også skrive og lesevanskar, noko som på fint vert kalla dysleksi. Han føler seg trist og lei av skulen», skriv Benjamin.

Innlegget har vekt stort engasjement i spaltene våre, og har engasjert jenter og gutar, menn og kvinner i alle aldrar, som har vist si støtte for Langenes sine ønske om tilpassa undervisning og meir praktisk opplæring om ein føretrekker det.

I eit intervju med avisa Nordhordland førre veke fortel Benjamin at han skreiv om seg sjølv.

«Eg fortalde historia om «Per», men Per er eigentleg meg», seier han. Då han såg oppgåva på tentamen, som han hadde grua seg til, visste han med ein gong kva han skulle skrive om. Tankar rundt det faktum at den tradisjonelle skulegongen er tilpassa dei som er teoretisk flinke er eit tema som har engasjert han og klassekameratane over lengre tid.

Vi vil rose Benjamin for at han ville setta teksten sin på trykk som lesarbrev i vår avis. Det krev mot å utlevera seg sjølv på denne måten, men vil ein ha ei endring er ein nøydd til å seia ifrå.

Vi ønsker oss fleire innlegg frå unge, og skulane bør oppfordre ungdommane til å engasjere seg og debattere tema dei er opptekne av.

Det trur vi er viktig for lokaldemokratiet i framtida, det er trass alt dei neste generasjonane som skal ta oss dit.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags