Eg likar ikkje saft!

Anne Berit Bø Palmesen

Anne Berit Bø Palmesen

Av
DEL

LesarbrevMin største skrekk for alderdommen er at eg blir sitjande på ein sjukeheim der det meste er standardisert, og eg må drikka saft og få sos på all mat.
Mange er opptatt av at ein må sikre alderdommen ved å ha nok sjukeheimsplassar, eldrebustader og avlastingsplassar. Ja, nokon meiner også at me må ha dementlandsbyar. Men kva er eldreomsorg og kven er dei eldre?

«Dei eldre» er ikkje éi gruppe, dei er individuelle menneske med individuelle behov. Er det ikkje på tide at også eldre får rett til å bli sett på som den enkeltpersonen dei er og ikkje sjåast som ei gruppe som må tilpasse seg turnusarbeid og rutinar? Eg har sjølv jobba med eldre i mange år, så eg kritiserer nok meg sjølv også her. Ein kan bli så oppslukt i rutinar at ein kan gløyma det som er aller viktigast: å sjå den enkelte eldre for det den er. Ingen er berre diagnosen sin, alle er menneske med ulike behov. Mange vil kanskje fnyse når dei les dette, for «me er for få tilsette» og «me har ikkje tid», er vanlege argument.

No har eg sjølv bikka 60 og mitt største ønske for eigen alderdom er at eg får bu heime så lenge det er forsvarleg. Når ikkje det går lenger vil eg vera på ein heim der dei tilsette ser meg og mine behov, og ikkje heng seg opp i kva diagnose eg har.
Alver Senterparti meiner at det må satsast på ei god og utbygd heimesjukepleieteneste. Ein må sikra gode avlastningstilbud og gode sjukeheimar med spesialavdelingar for demente. Me må jobba for god rekruttering, og ikkje minst sikre at arbeidstakarane i eldreomsorga har gode arbeidsforhold og tid til å utføre arbeidet sitt på ein etisk og forsvarleg måte.

Livskvalitet i alderdommen er ei viktig sak for Alver Senterparti.
Eldre i Alver skal kjenna tryggleik for at dei får tenestene dei har behov.
Godt val!
Helsing Anne Berit Bø Palmesen, Alver Senterparti

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags