Slik skapar vi fleire arbeidsplassar i Alver kommune

Av
DEL

LesarbrevDen beste måten å gjera Alver kommune til ein attraktiv stad som folk har lyst å bu i, er at det finst nok arbeidsplassar. Innbyggjarane må ha ein jobb å gå til. Då må det også vera lett å skapa arbeidsplassar i kommunen. Det vil Høgre.


Høgre har som mål at Alver kommune skal vere ein av dei mest attraktive kommunane i Vestland å driva næring i. For at det skal skje må Alver kommune vera ein JA-kommune som spelar på lag med dei som ønskjer å skapa noko positivt.


Det er mykje vi som lokalpolitikarar kan gjere for at endå fleire i kommunen skal våga å satsa, skapa sin eigen arbeidsplass, og over tid tilsette fleire. Ikkje minst er det viktig å medverka til at dei verksemdene som er i kommunen har gode ammevilkår for vidare vekst og utvikling.

Høgre ønskjer at Alver skal vere ein kommune som innbyggjarane både kan bu og arbeida i.


For at Alver skal vere ein god stad å bu i, treng vi arbeidsplassar slik at folk faktisk kan bli buande. Målet vårt er å gjere det enklare å skapa arbeidsplassar i Alver kommune. Høgre har nokre konkrete forslag til korleis vi skal tiltrekka oss fleire jobbar i kommunen.

Høgre vil arbeida for å samordne verkemiddelapparata og gje eit betre tilbod til næringslivet.


I dag er det mange kommunale instansar som arbeider for næringsutvikling. Høgre vil samordne desse slik at ordningane blir lettare tilgjengeleg og meir målretta.

Det er tilsett ein dyktig næringssjef i Alver kommune. Høgre ønskjer at næringssjefen med eit team skal vere ein direkte kontakt mellom verksemdene og kommunen. Dette teamet vil kunna sjå på korleis alt kommunen gjer påverkar bedriftene og deira sjansar til å skapa og utvikla seg.

Høgre vil forenkla og forbetra reguleringar. Det skal vera lett å skapa ein arbeidsplass i Alver kommune, og kommunen må sjå til at dei reguleringane vi har er enkle å forstå og halde seg til.

Høgre vil digitalisera kommunen. Søknadsskjema skal vera lett tilgjengeleg, enkle å forstå, og saksbehandlinga skal vere rask.

Høgre vil ta initiativ til at det snarast blir utarbeidd ein næringsplan for Alver kommune med ein aktiv og offensiv næringspolitikk som fører til at Alver blir det vi ønskjer, ein av dei mest attraktive kommunane i Vestland å drive næring i.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags