Kva skjer i Stølsheimen no når linjebygginga er i gong?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevBKK Nett informerer på årsmøtet til Nordhordland turlag onsdag 31.1.

Vi vandrar i fjellet av mange grunnar, på tur, til rekreasjon, på jakt med gevær eller fotoapparat, sauesanking, bærplukking, til fots og på ski -  vi vandrar heile året. No ser alle som er i fjellet korleis linjebygginga frå Steinsland i Modalen til Mongstad gjer sine inngrep i naturen.

Kva skjer og korleis vert det vidare?

Veret i haust var regnfullt og skyane hang lavt. Dette seinka arbeidet med å få inn materiell. I midten av november varsla BKK Nett at då snøen kom i høgfjellet, ville dei starta arbeidet i låglandet, i Eikemodalen og på Mongstad. I starten av november var det størst aktivitet ved Haugsvær og på Steinsland med stor anleggsverksemd, og i Stølsheimen, der mye arbeid allereie då var lagt ned med støyping av fundament for og reising av master. Dei første vart reist i starten av november 2017.

Etter dei vanlege årsmøtesakene, i 20 tida, vil folk frå BKK Nett orientere og syne bilete frå arbeidet. Turlaget håper mange vil komme og la seg informere og så delta i samtalen rundt dette store prosjektet i distriktet vårt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags