– Nordhordlandsreiarlaga finansierte Marokko sin okkupasjon av Vest-Sahara. No er det på tide at dei svarar for seg

Av
DEL

MeiningarDet er på tide at to reiarlag frå Nordhordland svarar på spørsmål om dei kjem til å halde fram med å delta i plyndringa av okkuperte Vest-Sahara.

Når ein står på fjelltoppane på Kanariøyene klarar ein på ein skyfri dag å sjå heile vegen til Afrika. Det er ikkje ein heilt vanleg stad på det afrikanske kontinentet ein då ser, men den siste afrikanske kolonien.

Reint juridisk er det framleis Spania som er kolonimakt der, men territoriet er i dag okkupert av nabolandet Marokko. Marokkanske myndigheiter hindrar FN i å avkolonisere territoriet.

Dei som vågar å kreve lausriving utsettast for valdelege overgrep.

Frakta sand for å lage strender

Halve befolkninga har flykta. Mange bur i dag på Kanariøyene, der dei kan observerast sittande i grupper på strandpromenaden i Las Palmas eller på Tenerife. Halve Vest-Sahara sitt folk har flykta den motsette veien, inn til nabolandet Algerie, der dei bur på ei slette i ørkenen og ventar på å kunne returnere.

Marokko finansierar den kostbare okkupasjonen ved å selje landet sine ressursar, og det er her Nordhordlandsreiarlag kjem inn.

I 2016 var reiarlaget Myklebusthaug frå Austrheim tatt på fersken av Bergens Tidende i å frakte sand frå dei okkuperte områda til Kanariøyene. Der skulle lasten brukast til å byggje nye strender, vegar og bygningar for blant anna soltørste norske turistar.

Reiarlaget hadde landa eit enkelt oppdrag, og var ukjend med den etiske problemstillinga. Utenriksdepartementet ønsker ikkje at norske selskap skal drive med slikt næringsliv.

Engasjement av denne typen finansierar okkupasjonen og forlenger lidingane til det saharawiske folk.

Får ikkje svar frå reiarlaga

Selskapet lova BT å «setje seg ned» og finne ut kva dei meiner om Vest-Sahara-konflikten. Kva vart utfallet av den vurderinga? Ingen veit. Bergens Tidende følgde det ikkje opp. Den norske foreininga Støttekomiteen for Vest-Sahara, gjorde derimot det. Dei sendte eit høflig brev til reiarlaget kort tid etter BT-dekninga. Myklebusthaug svara ikkje. Støttekomiteen sendte derfor eit nytt brev, men Myklebust svara ikkje då heller.

No har Støttekomiteen for Vest-Sahara sendt til saman 14 brev til selskapet frå Nordhordland. Kva gjer selskapet for å hindre at deira båtar gjer liknande transportar igjen? Ingen veit. Bryr dei seg om menneskerettar? Ingen veit. Og Myklebusthaug er ikkje eingong aleine.

Det er på tide at dei svarar

Eit anna selskap er reiarlaget Fonnes, også desse frå Austrheim, som har gjort same type oppdrag. Det er no fem år sidan Fonnes Shipping frakta sand frå Vest-Sahara til Kanariøyene. Desse har framleis ikkje svart på brev til den internasjonale foreninga Western Sahara Resource Watch.

Tidlegare Raftoprisvinnar frå Vest-Sahara, Sidi Mohammed Daddach, har gått hardt ut mot engasjementet. Daddach satt over to tiår i fengsel, elleve av dei på dødscelle. I 2002 vann han prisen for å ha kjempa for rettane til det saharawiske folk, noko som endeleg gav konflikten internasjonal merksemd.

Det er på tide at Myklebusthaug og Fonnes svarar. Dei har påført det saharwiske folk eit tap. Det er lov å trå feil, men då må ein rydde opp etter seg. Det minste dei to reiarlaga kan gjere er å fortelje at dei ikkje kjem til å gjere det igjen, samt å gjere rede for korleis dei skal forhindre det.

Det skyldar dei folket Vest-Sahara.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags