Hydrogen og Co2-lagring kan bli viktig i industripolitikken

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevAP`s Leif Sande slo i denne avisa 28.juni eit slag i lause lufta for ein Hydrogenfabrikk og ein Hydrogen industristrategi på regjeringsnivå. AP`s Hadia Tajik vil ha CO₂-lager på havbotnen. Begge deler arbeider regjeringa med. Velkommen etter begge to.

Visjonen til Sande og Tajik er god. Den kan Høgre støtta. Difor er arbeidet med Hydrogen som energiberar starta, og utredningar om CO₂-lager på havbotnen går for fullt. Men det AP ikkje forstår er at det må til betydelig forsking og utvikling til før ein kan lage ein industristrategi og vedta Hydrogen fabrikk på Mongstad, og kommersialisere CO₂-lager på havbotnen.

Utfordringa med å lage ein Hydrogen strategi på regjeringsnivå er at det fortsatt ikkje er grunnlag for å lage ein slik strategi ut over det arbeidet som allereie er varsla i energimeldinga. Arbeidet med Hydrogen går for fult. Forskarar arbeider med å utvikle hydrogen til å bli ei løysning for framtida. Innan bilindustrien har det vært mykje fokus på å lage biler som kan kjøre på rein hydrogen, like raskt og langt som bensin drevne biler. Norske forskarar har i lengre tid arbeidd med dei mest sentrale spørsmåla innan hydrogen, og har en sterk posisjon i det internasjonale forskingsmiljøet på dette området.

Det same ser vi med forslaget om kommersialisering av CO₂-lager på sokkelen. Regjeringa la fram sin plan for arbeidet med CO₂-handtering i budsjettet for 2015. Vi bygger stein på stein og følgjer industriell praksis i utviklinga av fullskalaprosjekt. Moglegheitsstudiane frå juli 2016 viser at ein kjede med CO₂-fangst, -transport og -lagring er teknisk mogleg i Norge. I det vidare arbeidet skal prosjektet bli planlagt og studert i større detalj og med meir nøyaktige kostnadsestimat. Investeringsavgjerd i prosjektet er planlagt våren 2019. Regjeringa vil arbeide for at det i løpet av planleggingsfasen vert etablert ei gruppe av selskap som kan samarbeide om utvikling av eit CO₂-lager. Statoil har lagt fram planar for korleis eit slikt samarbeid kan etablerast. Dette vil bidra til at fleire nyt godt av erfaringane og kunnskapen som kjem ut av prosjektet.

Regjeringa la nyleg fram ei industrimelding som vi i Stortinget behandla i juni. Ikkje sidan 1982 har det vært lagt fram ei industrimelding. Meldinga blei kritisert av Ap dei første timane etter at den blei framlagt. Men kritikken stilna når AP merka seg at dei aller fleste både bedrifter og næringslivsorganisasjonar støttar opp om regjeringa sin politikk, og den framlagte industrimeldinga. Vi må satse der vi har konkurransefortrinn og gi rammevilkår som er internasjonalt konkurransedyktig, og det er regjeringa sin politikk i praksis. Industrien har vært særdeles omstillingsdyktig, og tilpassa seg globale rammevilkår. Likevel fortsetter AP sitt korstog mot regjeringa sin politikk utan at dei har noko alternativ. Dei foreslår berre tiltak regjeringa allereie er i gang med. Gang på gang, tom for politikk, men full av retorikk.

Vi har mange sterke industrimiljø, og industriens utvikling følgjer dei lange linjene i vår historie knytt til utnytting av våre rike naturressursar, vår evne til å omstilling og kunnskapsoverføring mellom næringar. Vi som samfunn trenger bedrifter som klarer å utnytte gode rammevilkår, kompetent arbeidskraft og omfattande teknologi- og marketsmuligheiter til å skape nye arbeidsplasser i Norge. Det har vi, men vi kan ikkje pålegge dei tiltak dei ikkje er moden for slik AP vil.

AP`s forslag visar mangel på eigen politikk, og forståiing for industri utvikling. Dei kritiserer alt frå prosess, til kven sin ide det var å få utarbeidd ei industrimelding, til det å foreslå tiltak og politikk som allereie regjeringa har.

Vi treng ingen ny statsminister. Vi treng Erna i fire nye år!


Ove Trellevik

Stortingsrepresentant (H)

Medlem næringskomiteen

2.kandidat stortingsvalget 2017-2021

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags