Diskusjonen om Øksnesmarka: – Konklusjonen er ein stor siger for oss

– Konklusjonen er ein stor siger for oss i Naturvernforbundet, for Aksjonsgruppa og for alle som vil verna om marka. Vi har fått fullt gjennomslag for dei faglege vurderingane våre

– Konklusjonen er ein stor siger for oss i Naturvernforbundet, for Aksjonsgruppa og for alle som vil verna om marka. Vi har fått fullt gjennomslag for dei faglege vurderingane våre Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarKva seier ekspertane om industri i Øksnesmarka? Konsekvensutgreiinga som Austrheim kommune har fått utarbeidd av Multiconsult, er klar i sin tale:

Kommunen meiner det er trong for meir industriareal og kai i kommunen. Utfordringa er at Øksnesmarka har store verdiar for naturmangfald, trua artar, viktige naturområde og friluftsområde. Dette er ikkje-fornybare ressursar som ikkje kan erstattast. Øksnesmarka tilrådast fortsatt å vere LNF.

Konklusjonen er ein stor siger for oss i Naturvernforbundet, for Aksjonsgruppa og for alle som vil verna om marka. Vi har fått fullt gjennomslag for dei faglege vurderingane våre. No håpar vi ordføraren og Ap tek til fornuft og snur. Det er på tide å få ein slutt på denne endelause kavalkaden. Som LNF-område kan Øksnesmarka og den tilstøytande Åråsvågen bli ein stor attraksjon. For friluftsliv og reiseliv; for folk og fe.

Kva meir seier Multiconsult om industriplanane? Her kjem nokre klipp frå konsekvensutgreiinga:

Landskap

Stor negativ konsekvens: Større kystlandskap utan tiltak. Synleg frå store område både på land og frå sjø.

Friluftsliv

Stor negativ konsekvens: Søre del er registrert som svært viktig friluftsområde og det inngår i eit større samanhengande område. Det går mange stiar på kryss og tvers gjennom området.

Naturmangfald

Stor negativ konsekvens: Inngår i det einaste inngrepsfrie naturområdet i kommunen. Fleire registrerte sårbare artar, mellom anna den sterkt trua sumarfuglen Bredbåndpraktvikler. Del av Austevågane er registrert som viktig naturtype, Strandeng.

Helse

Stor negativ konsekvens: Mykje nytta til turgåing. Urørd natur nær busetnad og kommunesentrum har stor verdi for folkehelsa. Bratt og lite tilgjengelig frå sjøen.

Born og unge

Stor negativ konsekvens: Born og unge er meir avhengig av turområde i gang/sykkelavstand frå busetnad enn vaksne. Nærleiken til kommunesenteret og dei mange stiane har verdi for born og unge.

Strandsone

Stor negativ konsekvens: Bratt og lite tilgjengeleg strandsone. Næringsbygg og kaiar vil endre strandsona vesentleg.

Det einaste punktet i konsekvensutgreiinga som kjem positivt ut, er arbeidsplassar, vekta til + 2. Elles er dei negative konsekvensane massive, ÷ 10 totalt.

Utgreiinga frå Multiconsult er rein slakt av industriplanane for Øksnesmarka og Åråsvågen. Ein bør dessutan bita seg merke i at rapporten ikkje er eit bestillingsverk frå Naturvernforbundet og Aksjonsgruppa, men kommunen si eigen profesjonelle vurdering. Konklusjonane kan dermed ikkje feiast under teppet som noko «subjektivt». Korleis kommuneleiinga i utlegginga likevel kan innstilla på industri og næring, er ei gåte.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags