Det trengst ein meir tilgjengeleg helseteneste i skulen

Det krev mykje å samla opp motet til å snakka med helsesyster om ein slit med til dømes psykiske problem. Då er gjerne vonbrotet stort når du bankar på døra og får vita at helsesyster ikkje er på skulen den dagen, og ikkje kjem tilbake før om ei veke. Illustrasjonsfoto.

Det krev mykje å samla opp motet til å snakka med helsesyster om ein slit med til dømes psykiske problem. Då er gjerne vonbrotet stort når du bankar på døra og får vita at helsesyster ikkje er på skulen den dagen, og ikkje kjem tilbake før om ei veke. Illustrasjonsfoto. Foto:

Tillit vert skapt ved å vera til stades og gjennom kontakt.

DEL

Nh UNG:Det krev mykje å samla opp motet til å snakka med helsesøster om ein slit med til dømes psykiske problem. Då er gjerne vonbrotet stort når du bankar på døra og får vita at helsesøster ikkje er på skulen den dagen, og ikkje kjem tilbake før om ei veke. Det er viktig at alle elevar har høve til å koma med sine bekymringar til helsesøster, og at dette alltid er eit tilgjengeleg tilbod. Dette er òg eit viktig tiltak i kampen for psykisk helse, som har blitt eit aukande problem blant den norske folkesetnaden.

Diverse statistikkar viser at det har vore ein aukande vekst av psykiske helseplager blant unge i Noreg. Til dømes ser ein at nesten 3 av 10 jenter i vidaregåande opplæring har eit høgt nivå av depressive symptom (bufdir). Samstundes anslår Folkehelseinstituttet at omtrent 70 000 barn og unge har psykiske lidingar som krev handsaming, og omtalar dette som eit stort helseproblem i Noreg (Folkehelseinstituttet 2015). Dette er uroande tal, og burde bekymra oss. Det er nødvendig at vi jobbar mot å redusera desse tala, og skulen er ein essensiell stad å starta.

Læraren er den absolutt viktigaste pedagogiske ressursen for at elevane skal klara skuleløpet. Mange elevar har likevel ofte behov for ein annan oppfølging enn det som ligg innanfor ansvaret og kompetansen til læraren. Som ungdom står ein overfor val, hormon og forandringar. Nokre gonger er det vanskeleg å finna plassen sin, og det er lett å tråkka seg sjølv ned. Her er det helsesøstrene som tek over for læraren. Dei har kunnskapen og kompetansen til å hjelpa elevane i sosiale, psykiske og andre samanhengar. I teorien høyrest det supert ut, problemet oppstår når det ikkje strekker til i praksis. Det trengst tillit til helsesøster dersom ordninga skal fungera, noko som er vanskeleg å skapa når helsesøster ikkje er nok til stades – tillit vert skapt ved å vera til stades og gjennom kontakt.

Skulehelsetenesta skal vera ei teneste for elevane. Det er eit lågterskeltilbod, altså lett tilgjengeleg og utan naudsynt tilvising. Det er ei lovpålagt teneste, og kommunane har ansvar for at han vert drifta forsvarleg. Dessverre kan ein sjå ein trend der det vert plassert éi helsesøster på skular med fleire hundre elevar, og at tenesta attpåtil berre er tilgjengeleg ein dag i veka. Då er det vanskeleg å skapa tillit mellom elevane og helsesøster.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Alt kan ikkje alltid venta til tysdag i oddetallsveker, enkelte ting er best å få ut og avklart med ein gong før det eskalerer til noko vondare. Det kostar samfunnet mykje mindre om menneske som treng hjelp får hjelp fortare. Meir ressursar til skulehelsetenesta, tilgjengelegheit og tidleg innsats vil gje helsesøster avgjerande innverknad på om ungdom fullfører skulegongen. Helsesøstrer er gode støttespelarar for ungdom, så lenge vi faktisk brukar dei.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags