Avisa Nordhordland meiner: Politiet må få fleire ressursar

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Leiar: Som avisa Nordhordland har sett fokus på den siste veka, er politisituasjonen i Nordhordland dramatisk.

GDE Hordaland har 14 færre stillingar no enn i januar, det største kuttet er tatt i Nordhordland lensmannsdistrikt der sju stillingar er vekke. Dei får ikkje erstatta folk som sluttar og folk som er i permisjon får dei ikkje henta inn vikarar til. Dei fekk på plass til sommarvikarar ved å vera kreative i budsjetta.

I Nordhordland skulle ein ha ein eigen patrulje som dekka Knarvik og Frekhaug og ein patrulje som skulle ta seg av dei nordlege delane av distriktet. Samstundes la ein ned alle andre kontor enn Hosteland og Knarvik. Då politifolka frå nordom Fensfjorden kom til Knarvik skulle ein alltid ha to patruljar ute på hjul mellom sju om morgonen og 23 på kvelden. Også i helgene skulle det vera fleire patruljar ute. Det vart auka frå to til tre patruljar som skulle gå i turnus med overlapping på dagtid.

Men etter kvart som folk har slutta eller gått ut i permisjon, har ein ikkje fått erstatta desse. Dermed er beredskapen lik det den var før nærpolitireforma, men at ein no må dekka eit mykje større område.

Dette er ein situasjon som er uhaldbar og me forventar at det vert retta opp i med ein gong. Det er politikarane som løyver pengar, men det er politimeisteren som fordelar pengesekken. Mange var skeptiske på førehand og frykta at nærpolitireforma i røynda var ei sentraliseringsreform. Det kan verka som om skeptikarane har fått rett.

At det var naudsynt å ta grep i politisektoren, det var det liten tvil om, for mange kontor stod i fare for å verta som det i filmen Kopps. Nordhordland lensmannsdistrikt har vore best i klassen og lagt ned kontor og samla ressursar.

Men dei utslaga me ser no er ikkje akseptable for oss som bur i distrikta. Ein har ein like stor rett på å føla seg trygg og å forventa at politiet kjem når det skjer alvorlege hendingar. Dei siste vekers hendingar i Gulen og Solund gjer at ein kan stilla seg svært tvilande til at dette er røynda. Det er på ingen måte godt nok.

Me forventar snarleg betring i situasjonen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags