Vi kan redde klima utan å rasere norsk natur!

Ein ser vestover mot Brosviksåta i Gulen. Masta i horisonten litt til venstre for midten på biletet. Mellomliggjande område er til handsaming som klagesak i OED for utbygging med vindindustri.
Det er 4 store analyseområde i nasjonal råme for vind på land som NVE overleverer til OED den 1 april. Ditt turområde kan være mellom areala som blir vurdert.
Hugs på at Noreg er sjølvforsynt med fornybar energi, vi har vasskraft. Potensialet ved opprusting av vasskraft er 30 TWh. All produksjon i tillegg er unødvendig for eige bruk. Eksport av krafta vil også krevje anna linjenett. Du og eg betalar for dette.

Ein ser vestover mot Brosviksåta i Gulen. Masta i horisonten litt til venstre for midten på biletet. Mellomliggjande område er til handsaming som klagesak i OED for utbygging med vindindustri. Det er 4 store analyseområde i nasjonal råme for vind på land som NVE overleverer til OED den 1 april. Ditt turområde kan være mellom areala som blir vurdert. Hugs på at Noreg er sjølvforsynt med fornybar energi, vi har vasskraft. Potensialet ved opprusting av vasskraft er 30 TWh. All produksjon i tillegg er unødvendig for eige bruk. Eksport av krafta vil også krevje anna linjenett. Du og eg betalar for dette. Foto:

Av
DEL

LesarbrevÅ byggje ned vakker natur og fine fjellområde for å produsere fornybar energi, er eit stort, grønt paradoks. Vi i DNT og Sogn og Fjordane Turlag ber politikarar, styresmakter og næringsliv om å velje dei mest effektive klimatiltaka med minst mogeleg tap av natur.

Friluftsliv er den mest populære fritidsaktiviteten for nordmenn. Naturen er staden der vi “lader batteria våre”. Vi tek med borna på ein kveldstur i nærområda eller vi søkjer til fjellet her i fjordfylket for ein solid pause i kvardagen. Men meir enn nokon gong er naturen og alt den gjer for oss og med oss, trua.

Denne våren ventar nemleg viktige slag for framtida i 4 analyseområde i tidlegare Sogn og Fjordane fylke og norsk natur i sin heilskap. 1. april gjer Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) ferdig Nasjonal råme for vindkraft på land. Etter tinging frå Stortinget og regjeringa vurderer dei kvar i Noreg det er best å byggje. DNT si medlemsforeining støttar at det vert gjort ei heilskapleg vurdering, men meiner den må baserast på solid kunnskap og god involvering av folket. Vi har eitt klårt krav: Nasjonal råme må ekskludere verdfulle natur- og friluftslivsområde frå vidare utbygging. Dei naturområda vi ikkje har nok kunnskap om, må kartleggast før nye prosjekt vert godkjende.

Saka handlar ikkje om vi toler å sjå nokre turbinar i horisonten. Vindkraftanlegg gjer naturen om til industriområde med store irreversible inngrep i terrenget, der fjell vert sprengt for å lage skjeringar til vegar, og innsjøar vert delvis fylte med stein og grus. Anlegga gir støyproblem og varige sår i naturen. Reglane om merking av luftfartshinder skaper lysureining dag og natt. Økosystem vert endra og truleg svært mykje redusert. VINDKRAFTINDUSTRI i høgfjellet er eit dårleg tiltak når det går på kostnad av naturen.

Vi kan sjølvsagt ikkje late att augo for klimautfordringane: Noreg må kutte klimautslepp og omstille oss til eit meir berekraftig samfunn, og vi i DNT er med på denne innsatsen. Men det treng ikkje bety at vi må øydeleggje store naturområde. DNT ber politikarane auke innsatsen for energisparing og effektivisering. Vi kan også produsere meir fornybar energi ved å ruste opp vasskraftverk som alt er bygde ut og satse på solenergi og vindkraft til havs. Då bidreg vi til klimakutt utan å rasere norsk natur. Vi treng naturen vår.

Det kviler eit stort ansvar på våre folkevalde. Dei må greie å gjere to ting på ein gong: Å velgje dei mest effektive klimatiltaka med minst mogeleg tap av natur. Då kan vi overlate til barnebarna våre både eit godt klima, og gje dei det same høvet som oss til å oppleve den urørde norske naturen.

Naturvernutvalet Sogn og Fjordane Turlag:

Ron Overdevest – leiar

Anita Taftø

Jørgen Bruheim

Terese Eikefjord

Astrid Kalstveit – dagleg leiar Sogn og Fjordane Turlag

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags