Gulen Høgre har vald ny leiing

Nina Kirca er no vald som ny leiar i Gulen Høgre.

Nina Kirca er no vald som ny leiar i Gulen Høgre. Foto:

Av
DEL

MeiningarNina Kirca vart valgt til ny leiar i Gulen Høgre på årsmøtet den 29.november.

Det skriv partiet i ei pressemelding.

Nina Kirca er utdanna lærar, engasjerte seg i Unge Høgre tidlig, og har siden vore medlem i Høgre. Nina Kirca er i dag vertskap på Skjerjehamn, saman med sin mann.

Den nye leiaren er opptatt av at Gulen Høgre skal vera ei levande lokalforening, med gode politiske saker og mykje aktivitet. Sidan vi går inn i eit valår, er det stort fokus på nye medlemmar og velgjarar. Ho ønskjer seg ei lokalforening som jobbar godt saman som eit team. Det er berre sånn vi kan nå det valresultatet som vi har som målsetting.

Det er viktig at Gulen Høgre er aktive i lokalsamfunnet. Vi ser fram mot eit interessant programarbeid framover, saman med både nye og gamle medlemmar som bidragsytarar.

– Gulen Høgre er oppteken av folkevekst i kommunen. Vi har eit sterkt næringsliv og mange attraktive arbeidsplassar. Det er også ein del nyetableringar på gang, seier ho.

– Behovet for arbeidskraft vil auke betydelig. Det gjer at vi som politikarar må tilretteleggje og arbeide for at vi blir ein attraktiv kommune å bu i. For å nå dette målet, må infrastruktur, som helsevesen, barnehage, skule, bustadar og tilbud til familiar vere tilstades. Da får vi en attraktiv kommune med vekst, seier Nina Lovise Kirca.

Dei øvrige i styret vart:

Åshild Eide, nestleiar

Even Rambjørg, styremedlem

Daniel Kvernøy, styremedlem

Marit Austgulen Wick, kasserar

Ivar Eide, gruppeleiar

Revisorar vart Helge Fivelsdal og Oddgeir Willy Oppedal

Med dette nye styret er kvinnene framleis godt representerte i Gulen Høgre, slike det har vore i fleire år.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags