Det var bra, at steinkrossen ved kyrkeporten er komme på sin plass igjen, etter fem år med rehabilitering.

Det viser tydeleg, å ha vore masse arbeid, både med teori og praktisk, for å måtte lage eit nytt fundament til støtte, på grunn av at Krossen ikkje kan stå på eigen fot.

Steinkrossen som er plassert  i Krossteigen, har enno ikkje tatt noko skade.

 

Men var er den tredje steinkrossen blitt av, som stod ved inngangsporten på sørsida av kyrkegarden?

Denne krossen hadde også vore i hardt vêr, då den eine armen var borte vekk.

Det er godt mogleg, at denne Krossen blei skadd under transport frå Flolid, der mange meiner og trur, at dei tre krossene er komme frå.

Men kvar har krossen tatt vegen? Er det nokon her, som har bilde, der krossen viser?

Det er just no, montert eit «opplysningskilt» i vegkrysset til butikken, der det kjem tydeleg fram, at det er 0,3 km til  «Gulatinget eldre tingstad».

Kva for historie og haldepunkter til sanninga, har dei folka som finner på dette tullballeriet, og set opp slike skilt, for å få ukjente folk i villrede?


Vegskilt i Instefjord med teksten: «Tusenårsstaden Gulatinget Eivindvik» er nevnt tidlegare her i avisa, som også blir ein meget feil informasjon til framande.

 

Fleire går i draumeland og trur, at det har vore Gulating på alle dei stadane, som har steinkrossar rundt om kring i Norges land.