Ute av syne – ute av sinn

DREP KUA: Denne kvesta brusboksen fann bonden i dyrefôret. Han har allereie måtta avliva ei ku grunna knuste bitar i magen.

DREP KUA: Denne kvesta brusboksen fann bonden i dyrefôret. Han har allereie måtta avliva ei ku grunna knuste bitar i magen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarI laurdagens utgåve av avisa Nordhordland kan me lesa om bonden Magnar Askeland på Frekhaug som omtrent dagleg må gå og plukka opp aluminiumsboksar som folk har kasta frå seg langs vegen.

Gjer han ikkje det risikerer han at dyra får det i seg, anten direkte eller ved at boksane vert knust til mykje mindre deler og deretter kjem i magen på dyra, som igjen lir ein lang og smertefull død.

Særleg kyr et omtrent alt dei kjem over, noko som fører til at dei kan få store indre blødingar. Så seint som ved juletider måtte Askeland slakta si beste ku.

Dette føyer seg inn i eit mønster der nordhordlendingane forureinar over ein låg sko.

Ein klagar ofte på byfolket, men ein er ikkje hakket betre sjølv. Det verkar som om mange lever etter prinsippet ute av syne – ute av sinn. Askeland seier til avisa Nordhordland at han ofte plukkar fulle bøtter av tomme ølboksar og boksar med energidrikker.

Tidlegare i år vart det kjent at kysten vår flaumar over av boss. Det fekk folks merksemd då den etter kvart så berømte kvalen på Vindenes på Sotra måtte avlivast. Den vart slakta og ein fann enorme mengder plastavfall i magen på den.

Det vekte folk over heile landet for problemet med forsøpling i strandkanten og det kom journalistar frå Sky news for å laga saker på alt bosset og den enorme reaksjonen nordmenn då viste.

Avisa Nordhordland var med på strandryddedagen i mai, då vart det plukka tonnevis med boss frå strandsona i Nordhordland. På 17. mai vart det kjent at ballongseljarar i Bergen slapp uselde heliumballongar opp i lufta. Som alt anna kom det ned igjen frå himmelen, fleire av dei på Ostereidet. Alt dette fekk enormt med merksemd.

No er det på tide at ein vaknar også når det kjem til forsøpling på land. Det er ikkje greitt å kasta frå seg flasker, boksar, papir, plast eller kva det måtte vera når du går tur eller køyrer bil. Ta det med deg heim og kast det i bosset der.

No er det ei kjensgjerning at lesarane av desse leiarane er ei vaksen målgruppa. De er og forbilde for barn og barnebarn. Vêr eit godt døme, vis den oppveksande generasjonen kor lett det er å ta med seg bosset heim. La oss få eit mindre forsøpla og mykje trivelegare Nordhordland no. Byrj der det er lettast, med deg sjølv.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags