NBK må passa på seg sjøl

Kvernbit-trenar Eirik Sagstad spretta champagnen i garderoben hausten 2017 då Kvernbit rykka opp til 5. divisjon. I 2019 kan NBK og Kvernbit vera i same divisjon igjen.

Kvernbit-trenar Eirik Sagstad spretta champagnen i garderoben hausten 2017 då Kvernbit rykka opp til 5. divisjon. I 2019 kan NBK og Kvernbit vera i same divisjon igjen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevI ei sak frå 25. August kjem det fram at NBK-trenar Eirik Fjeldstad meinar klubbane i Nordhordland håpar NBK rykkar ned og at han ikkje er nøgd med stemninga klubbane i mellom. Som både assistent- og hovudtrenar for A-laget til Kvernbit dei siste 3,5 åra, og med mange år i NH-fotballen må eg sei at eg er rysta.

Personleg legg eg ikkje skjul på at eit NBK nedrykk ikkje gjer meg noko som helst, så den påstanden er i og for seg heilt grei, men det er dermed ikkje sagt at eg eller klubben har gått inn for at dette skal skje. Snarare tvert imot. Sidan sumaren 2015 har det gått seks spelarar frå Kvernbit til NBK, i tillegg til ein som har gått frå Kvernbit og via byklubbar til NBK. I denne perioden, og tidlegare, har vi aldri stått i vegen for at våre spelarar skal få ta steget opp til NBK. Det har alltid vore naturleg då dei har kunne tilbydd eit høgare nivå. NBK har i mange år henta spelarar frå oss, NHIL, Hordabø, Austrheim, Lindås, Eikanger, Radøy. I helgas NBK oppgjer mot Arna Bjørnar var sju av elleve som starta frå klubbar i regionen.

«– Det som er det negative er at alle andre i regionen håpar me rykker ned»

Eg syns då at det er heilt bak mål og kritisera klubbane rundt NBK, då all historikk tilseier at vi har vore medgjerleg med å gje spelarane våre tilbodet om å spela i NBK. Ein kan diskutera om regionen hadde vore tent med å ha eit tettare og nærare samarbeid, muligens eit lag, men enn så lenge er det ikkje slik og då må alle partar forholda seg til det. Det kan nesten virka som at det skal vere automatikk i at vi sendar spelarar til NBK, og gud forby at vi set oss litt på bakbeina. Vi ”sullar” trossalt berre rundt i 5. og 6.divisjon.

For regionen vil det vere eit pluss og ha eit lag høgare oppi divisjonssystemet, samstundes som ein har tilbod lokalt til dei som brukar fotballen som ein hobby eit par gonger i veka. Treningskulturen kunne heilt sikkert vore betre, og noko alle kan gjere noko med. Men kva klubbane rundt NBK tenkjerr og gjer meiner eg dei skal bruka minimalt med tid på. Kanskje vi skal byrja å setja krav til NBK og? Kreva at dei får meir ut av spelarane dei hentar, tar meir ansvar og går i seg sjøl om kvifor spelarar ikkje vil til klubben, grip fatt i eigen kultur og finn ut kvifor dei ”sullar” rundt i nedrykkstriden i 4.divisjon. Eg vil hvertfall oppmoda til å vere meir audmjuk og takksam mot klubbane rundt, og bruke energi på kva dei kan gjere for å betre eiga situasjon.

Høgdepunkta står i kø for Lise

Med vennleg helsing

Eirik Sagstad

Kvernbit A-lag

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags