FNB Alver - ein gedigen bløff

Av
DEL

Meiningar«… me har fått utruleg mykje støtte i denne saka, og me føler at me har vunne folket i Alver. Me vil vere til stades for alle i kommunen, og ikkje berre rundt dei sentrale strøka i Knarvik».

Denne populistiske og udokumenterte utsegna kom frå FNB / Morten Klementsen til avisa Strilen like etter at partiet hans kom i mindretal ved avstemminga om byvekstavtalen i Alver kommunestyre torsdag 20.02.

I kva grad FNB har brei støtte i folket i Alver når det gjeld partiets syn på byvekstavtalen har hverken Morten Klementsen eller vi andre noko eksakt informasjon om. Men det vi veit med sikkerhet er at FNB har villeda og ikkje veileda innbyggjarane i debatten. Partiet har kome med ei rekkje usanne påstandar og utsegn.

Dette gjeld særleg mht. konskvensane for arealpolitikken ved eit ja til byvekstavtalen. Der har dei uttalt at det ved eit ja til avtalen vert byggestopp og avfolking ute i distrikta. I løpet av debatten på torsdag vart FNB minst 3 ganger oppmoda om å visa kor desse begrensningane står omtalt i avtalen. Ingen frå FNB var i stand til å svara på det.

Så FNB v/ gruppeleiar Klementsen: Dersom det no er slik at partiet ditt har «vunne» folket i Alver så er spørsmålet om du verkeleg er stolt over det etter at partiet bevisst har kome med totalt usanne påstandar og utsegn i debatten.

Karl Vågstøl, fylkestingrepresentant for Alver Høgre.

Karl Vågstøl, fylkestingrepresentant for Alver Høgre. Foto:

Ja, eg må anta at det er bevisste handlingar. For går vi tilbake til desember 2019 ved handsaminga av økonomiplan for 2020 - 2023 i Alver kommunestyre hadde ikkje FNB noko eige budsjettforslag. Morten Klementsen forklarte dette den gangen med at partiet var så opptatt med byvekstavtalen at dei ikkje hadde hatt tid til å laga eige budsjett. Så partiet har tydeligvis brukt mykje og god tid på å gjera seg kjent med innhaldet i avtalen. Eg må derfor anta at FNB veit kva som står der.

At FNB ikkje la fram eige budsjettforslag eller i det minste hadde noko forslag til endringar til budsjettet tydeleggjer at FNB er eit einsaksparti, sjølv om dei forsøkjer så godt dei kan å skapa inntrykk av noko anna. Den eine saka er «Nei til meir bompengar».
Dersom vi då ser på Nordhordlandspakken som FNB gjekk ut i valkampen i fjor haust og sa dei ville reversera, så skal midlane frå denne pakken i veldig stor grad gå til prosjekt ute i distrikta i Nordhordland. Altså i dei områda som FNB no hevdar at dei er så opptatt av å vera tilstades for.

Dersom FNB hadde fått det som dei ville så hadde ikkje desse prosjekta vorte realisert i overskueleg framtid. Dette ville ført til begrensningar i utviklinginga i distrikta, og kanskje ført til den avfolkinga av distrikta som FNB no åtvarar mot. Så FNB, politikken de har «heng ikkje på greip». Det må vera lov å forventa seg noko meir frå det partiet som trass alt fekk flest stemmer og dermed har flest representantar i Alver kommunestyre.

Eg har ikkje noko anna konklusjon på alt dette enn at FNB Alver er ein gedigen bløff.

Artikkeltags