– Vi kan ikkje lenger akseptere oppdrett i opne merdar

Arild Hermstad, 1. kandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland, meiner at ein ikkje lenger kan akspetere oppdrett i opne merder.

Arild Hermstad, 1. kandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland, meiner at ein ikkje lenger kan akspetere oppdrett i opne merder. Foto:

Av
DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

LesarbrevHordaland har vore leiande i den formidable veksten i oppdrett av laks og sjøaure i Noreg. Den nest største eksportnæringa i landet omsette for meir enn 60 milliardar kroner i fjor, og bidreg til at Noreg er ein stor matprodusent.

Men både villaksen og naturen i Hordaland har betalt ein høg pris. Ein ny nasjonal analyse frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning viser at lakselusa kan ha tatt livet av 250 000 villaks berre dei siste fem åra. Mange villaksstammar er i ferd med å døy ut. Vi bryt dei internasjonale miljøforpliktingane våre.

To anlegg vart nettopp stengde i Masfjorden. Desse har bidrege med enorme utslipp av næringssalt i fjorden, slik at det ikkje lenger er noko liv i fjordsystemet. I Sørfjorden er vi i ferd med å nå ein like kritisk tilstand.

Vi kan ikkje lenger akseptere oppdrett i opne merdar, kor fiskeskit, lakselus og kjemikaliar blir spreidde i fjordsystema våre. Dei Grøne vil derfor ikkje tildele nye konsesjonar til opne anlegg, og krev at næringa skal omstillast til lukka teknologi innan 2025.

Det vil gi enorme fordelar: Vi kan ta vare på ressursane i avfallet, mindre fór går til spille, det blir slutt på rømning og vi kan sørgje for betre fiskevelferd. I dag døyr heile 20 prosent av oppdrettsfisken før den skal slaktast. Det seier ein del om kva for utfordringar næringa har.

Med lukka anlegg kan vi skape ein kretsløpsøkonomi kor næringa tar eit langt steg i retning av miljømessig berekraft. Vi må sørgje for at vi sjølv produserer fôret langs kysten, for eksempel i form av algar eller annan biomasse. Dette kan skape nye arbeidsplassar. Mange gründerar i fylket vårt er allereie i gang.

Hordaland må nok ein gong ta leiartrøya i utviklinga av framtidas oppdrettsnæring. Vi må ta vare på laksebestandane, fjordøkologien og skape nye grøne arbeidsplassar. Slik kan næringa spele ein endå viktigare rolle i framtida, om den sjølv vil.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags