Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Fedje Frp har, som andre parti på fedje, vore oppteken av å få til ein seinavgang frå Sævrøy til Fedje, som er eit fylkeskommunalt samband.
I dag til dømes, er siste ferjerute frå fastlandet med M/F «Fedjefjord» kl. 21.55.
Underteikna sette fram ein resolusjon på årsmøte til Hordaland Frp i februar 2017 om saka, som vart einstemmig oversendt til våre medlemmer i miljø- og samferdselsutvalet i Hordaland Fk.
Der vart me oppmoda om også å ta kontakt med dei andre medlemane i utvalet frå dei andre partia. Mellom anna har eg hatt god kontakt med ordføraren i Fusa og tala med komiteleiar på Voss.
Sluttar som assisterande rådmann - blir ny prosjektleiar
I mitt arbeid med denne saka, forstod eg det slik at det var viktig at heile kommunestyret stod bak uttalelsen - og at vedtaket vart sendt til samtlege medlemar i miljø- og samferdselsutvalet i Hfk.
Uttalen vart i forkant sendt ordføraren i Fedje og låg som sak 040/17 i kommunestyremøte 20. juni 2017.
Eg vart ovleg undra over at høgre og Krf ikkje kunne vera med å handsama uttalelsen.
Snarare sette ordføraren fram forslag om å utsetja uttalen, som underteikna ynskte skulle oversendast medlemane i samferdselsutvalet i fylket.
Dermed vart ikkje uttalen frå underteikna realitetshandsama, etter mi store undring.

Austrheim, Fedje og Meland blant kommunane som får størst vekst
Frp, Ap og Demokratane ynskte derimot å ta sak opp til handsamning.
Konklusjon: Den uttalen som eg hadde laga til på vegne av Fedje Frp og som eg la fram i kommunestyremøte 20.06.2017 og som etter mi meining er viktig for Fedjesamfunnet å gjera fylkespolitikarane i fylket merksam på at ein siste avgang frå Sævrøy burde vera ca. kl. 00.15 og ikkje som i dag kl. 21.55.
Men som skrive: Uttalen om seinare avgang til Fedje som underteikna la fram i kommunestyret 20.06.2017 vart utsett eller sagt på ein annan måte, slik eg oppfatta fleirtalet: Avvist.

Venta i timevis på erstatningsbåten