Rådmannsløna på Fedje: Sender feil signal

Ingebjørg Vamråk.

Ingebjørg Vamråk. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeiarI laurdagens avis fortel vi at Fedje-rådmann Ingebjørg Vamråk har fått eit oppsiktsvekkande godt lønnsoppgjer i år. 19. oktober vedtok eit samla formannskap på Fedje å auke løna hennar med 250.000 kroner, noko som utgjer 29,4 prosent. Fedje-rådmannen har også fått avtale om forlenga etterløn, frå seks til tolv månader, dersom arbeidsgjevar skulle ta initiativ til å avslutte arbeidsforholdet. I tillegg har ho forhandla fram betalt barnevakt på reise og at kommunen dekkar utgiftene til breiband på fritidsbustad.

La det vere sagt med ein gong - dette er ikkje ei sak vi skriv for å «ta» rådmannen. Ho har ikkje gjort noko kritikkverdig i denne saka. Å kjempe for høgast mogleg løn, er alle sin individuelle rett. Men det betyr ikkje at det er eit klokt val av lokalpolitikarane på Fedje å løfte rådmannen opp på dette nivået no.

Bakgrunnen for at vi skriv saka er at dette er ein del av samfunnsoppdraget vi har som avis. Vi får pressestøtte frå staten nettopp for å følgje med på makthavarane i lokalsamfunnet og kva som går føre seg i det offentlege. At det er ei mediesak når rådmannen får ein så stor lønnsauke, er opplagt.

Lønnsveksten vekker oppsikt av fleire grunnar. For det første vart Vamråk tilsett så seint som mai i fjor og har berre eit drygt år i stillinga. Det er difor heilt relevant å stille spørsmål om kva ekstraordinært ho har gjort i løpet av denne korte tida som fortener ein så stor lønnsauke. For det er ikkje slik at ho var underbetalt i utgangspunktet. Ifølge Kommunenes Sentralforbund (KS) var gjennomsnittleg månadsløn for rådmenn i kommunar med under 3000 innbyggarar 69.569 kroner (ca. 835.000 kroner i året) per 1. desember 2015, altså eit halvt år før ho vart tilsett med 850.000 i året.

Det mest spesielle er difor auken i seg sjølv. Prisveksten i 2017 er ifølge SSB på 1,6 prosent og nærast alle bransjar har tatt moderate lønnsoppgjer på i overkant av 2 prosent. Når rådmannen, i ein av landets minste kommunar med ca. 550 innbyggarar, då får ein lønnsvekst på 29,4 prosent, er det nærast sensasjonelt.

I denne saka er løna bestemt av folkevalde politikarar i formannskapet. Dei var samstemte. Vi tvilar ikkje på at Vamråk har gjort ein god jobb den tida ho har vore på Fedje, men vi synest det er underleg at dette blei vedtatt samrøystes. Vi meiner vedtaket sender feil signal både til innbyggjarane på Fedje generelt og andre kommunalt tilsette. Det ser vi også på dei første reaksjonane. Landet vårt er inne i ein periode der det offentlege må begynne å kutte, industrien har vore gjennom svært krevjande år og næringslivet på tvers av bransjar møter tunge utfordringar.

Dette bør ikkje vere tida då kommunale leiarar skaper urealistiske forventningar for lønnsmotakarar flest. Vi håper andre lokalpolitikarar ser kva signal dette sender og vegrar seg for å ta liknande vedtak, sjølv om intensjonane har vore dei beste.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags