Gå til sidens hovedinnhold

Til lags åt alle kan ingen gjera

Artikkelen er over 2 år gammel

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Onsdag denne veka var det tid for nok eit folkemøte på Fedje. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen leia an føre eit koppel med fagfolk frå mellom anna Kystverket, Havforskingsinstituttet og fleire med. Fleire stortingsrepresentantar var og til stades. Møtet var eit dialogmøte der fagfolka la fram masse informasjon, ting som dei som engasjerer seg i ubåt-saka truleg kjende godt til frå før av.

Men informasjonen er viktig, for det er mellom anna den dei ansvarlege politikarane skal bruka for å ta avgjerda om kva som skal skje med ubåten. Skal U-864 dekkast til, skal ein heva vraket eller skal ein ta opp kvikksølvet? Meiningane er mange, høglydte og til tider litt for engasjerte.

Kystverket har foreslått å dekka til vraket og kvikksølvet. Dei vil dekka til eit område som er 30 mål stort. Fyrst vil dei dekka området med 40 000 tonn med sand, før dei legg 140 000 tonn med større steinar oppå. Rundt og over ubåten vil det vera eit lag på 2,9 meter. Medan det på resten av området vil vera på 1,15 meter djupt. Kystverket har fått mykje kritikk undervegs i prosessen. Enn så lenge er det ingenting som tyder på at dei ikkje har gjort jobben sin i denne saka.

Les også

Kvikksølv-ubåten: – Folk er møkka lei og resignerte

 

Det aller beste for alle partar hadde vore å fått opp kvikksølvet, og det er utan tvil vårt ønske også. Det vil gje folket på Fedje den tryggleiken dei treng, men også dei nærare 200 millionar innbyggarane rundt heile Nordsjøbassenget. No ligg kvikksølvet og er ein potensiell katastrofe for mange innbyggarar i mange land.

Men om risikoen er så stor som fagfolka hevdar ved å heva kvikksølvet er dette noko som må få vekt. Konsekvensane om noko av kvikksølvet lek ut under ei heving vil vera enormt kraftige og kritikken vil komma internasjonalt og Noregs rykte som sjømatnasjon vil få eit skot for baugen.

Det viktigaste i denne saka er ikkje prinsipp, men at det vert gjort noko med kvikksølvet. Ei tildekking er betre enn at det ikkje vert gjort noko, men me vil framleis ha det heva. Prisskilnaden er liten, og me har fått for lite info om kor stor sjanse for lekkasje ved heving av kvikksølvet faktisk er. Det er informasjon som må på bordet. Men uansett avgjerd vil nokon verta skuffa, men slik er det. Ein kan ikkje ta omkamp på omkamp.

Les også

Samferdsleministeren vil verta ferdig med Fedjeubåten innan 2021

 

Kommentarer til denne saken