– Eg er overtydd om at regjeringa i alt for stor grad har lagt økonomiske vurderingar til grunn når dei no går inn for tildekking

– Eg er overtydd om at regjeringa i alt for stor grad har lagt økonomiske vurderingar til grunn når dei no går inn for tildekking. Sjømatnasjonen Norge skal ikkje akseptera desse vurderingane!, skriv Per Lerøy i dette lesarbrevet.

– Eg er overtydd om at regjeringa i alt for stor grad har lagt økonomiske vurderingar til grunn når dei no går inn for tildekking. Sjømatnasjonen Norge skal ikkje akseptera desse vurderingane!, skriv Per Lerøy i dette lesarbrevet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevRegjeringa går i framlegget til statsbudsjett inn for tildekking av U-864 ved Fedje. Dette må me ikkje godta!

Det vert hevda at årsaka til at ein vel ei tildekkingsløysing framfor heving, er at det er større risiko for kvikksølvforureining dersom ein hevar ubåten. Dette må me rett og slett ikkje tru på!

I Norge er me verdsmeistarar på undervassteknologi. Å påstå at teknologiverksemdene våre ikkje er i stand til å heva ubåten på ein slik måte at risikoen for kvikksølvforureining vil vera godt innanfor alle akseptable grenser, er i best fall basert på manglande kunnskap om denne næringa.

Eg er overtydd om at regjeringa i alt for stor grad har lagt økonomiske vurderingar til grunn når dei no går inn for tildekking. Sjømatnasjonen Norge skal ikkje akseptera desse vurderingane!

Me eksporterer snart sjømat for 100 milliardar kroner i året. I eit slik perspektiv må nasjonen ta seg råd til å bruka 1 – 2 milliardar kroner på heving av ubåten, opprydding av havbotnen og ei skikkeleg tildekking av området etter at det som let seg fjerna er teke opp.

Dersom me vel ei tildekkingsløysing og det i framtida oppstår lekkasjar av kvikksølv, vil det vera ein katastrofe for den norske sjømatnæringa, ei næring som mange hevdar vil væra Norges viktigaste næring om nokre tiår. Dette er ikkje ei Fedje-sak, men ei sak som i høgste grad gjeld heile landet!

Som nasjon har me både økonomi og teknologi til å heva U-864 og rydda opp på havbotnen på skikkeleg vis. La oss gjera det i respekt for naturen, miljøet og komande generasjonar!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags