Vi meiner: «Forhåpentlegvis har saka vore ein lærepenge for korleis ein ikkje skal gå fram når eit arbeidsforhold med ein toppsjef skal avsluttast»

Ingebjørg Vamråk her med advokaten sin, Kjetil Lundberg.

Ingebjørg Vamråk her med advokaten sin, Kjetil Lundberg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Leiar: Torsdag i forrige veke vart Ingebjørg Vamråk einig med Fedje kommune om ein sluttavtale. Vamråk vart sparka på dagen som rådmann av eit samrøystes kommunestyre 8. mai. Saka har fått mykje merksemd i vår avis og i NRK Hordaland og Bergens Tidende. Med rette. For slik denne saka blei handtert, må kommunen belage seg på media sitt søkelys. Kommunen gav verken Vamråk eller offentlegheita grunngjeving for oppseiinga. Dei køyrde hastemøte med innkalling på SMS utan sakspapir og i etterkant har ordførar og lokalpolitikarar lagt lokk på saka. Slikt er ikkje eit moderne lokaldemokrati verdig, og denne saka vil truleg vere skadeleg med tanke på framtidige rekrutteringsprosessar for Fedje. Truleg svekker den også Fedje sitt flotte omdømme.    

Sjølv om Vamråk hadde sagt i frå seg stillingsvernet og kunne risikere ein rask exit, har ho heile tida meint oppseiinga var usakleg. Ho varsla difor juridisk etterspel og hyra inn advokat og PR-byrå. Avtalen partane vart einige om i Bergen torsdag blei langt på veg ei oppreising for Vamråk. I tillegg til etterlønn i tolv månader, som ho heile tida har hatt krav på, fekk ho også utbetalt lønn ut oppseiingstida og 1,5 månad av ein såkalla evalueringsperiode. Dette var eit stridstema. Her møttes partane på midten. I tillegg tok kommunen rekninga for advoktatutgiftene og pr-rådgjevaren til Vamråk. Ho kan også ta seg nytt lønna arbeid så raskt ho ønsker.

Men kanskje endå viktigare – som ho sjølv har understreka: ordførar Stian Herøy (H) måtte orsaka handteringa og utsegner til media. Han hadde uttalt at ei «enkelthending» hadde bidrege til oppseiinga. Dette gav grobotn for spekulasjonar. Han måtte også tilbakevise at leiarstilen har medført at fleire kommunalt tilsette har slutta. 

Etter møtet var ordførar Herøy lite snakkesalig med media. I staden vart det sendt ut ei felles pressemelding frå partane. Her er det tydeleg at juristar har hatt ei hand på tastaturet. Her blir Vamråk rosa for innsatsen som rådmann. Dette er slik vi ofte ser når partar skiljer lag med advokatar. Den som er pressa til å gå får ros, og ingen går ut med noko negativt. Framleis er det eit stort mysterium kvifor Vamråk eigentleg måtte gå. Det einate som går fram er noko diffust om «endringsslitasje». Men dette er ikkje ei god nok forklaring for offentlegheita. Dei tilsette gav ho mandatet så seint som for to år sidan, og berre etter eit år gav dei ho ei lønnsauke på heile 250.000 kroner (30 prosent). Nettoppp på grunn av gode resultat og god leiing i ei krevjande tid. Basert på pressemeldinga som vart sendt ut framstår Vamråk no som den ideelle kandidaten til å erstatte seg sjølv!

Utgangen saka har fått er ei solid oppreising for Vamråk. Vi meiner framleis Fedje-innbyggjarane hadde fortent ei betre handtering og ei skikkeleg forklaring i offentlegheita. Vi merkar oss samtidig at Fedje no legg seg på ei anna linje i forhold til openheit og sende ut sluttavtalen direkte til media. Forhåpentlegvis har saka vore ein lærepenge for korleis ein ikkje skal gå fram når eit arbeidsforhold med ein toppsjef skal avsluttast.

Her er alle sakene våre om saka:

Fedje kommune har inngått avtale med den sparka rådmannen

Fedje-ordføraren stadfestar at det ikkje ligg nokon enkelthending bak sparkinga av Vamråk: – Det var berre vas

Leiar: Rådmannsaka på Fedje: Burde vore løyst ryddigare

Sparka Fedje-rådmann skaffar seg PR-byrå i kampen mot kommunen

Slik informerer Fedje-ordføraren innbyggjarane om sparkinga av rådmannen

Rådmannen i Fedje kommune vart sparka på dagen

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags