Frisk Fedje-satsing

«Lovundexpress» fraktar passasjerar til og frå Fedje.

«Lovundexpress» fraktar passasjerar til og frå Fedje. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeiarDet vesle Fedje-samfunnet har fått køyrt seg uvanleg mykje i media den siste tida. Saka om rådmannen som vart sagt opp på dagen av eit samla kommunestyre har naturlegvis fått mykje merksemd. Det er delte meiningar, og det kjem mange påstandar og skuldingar, spesielt i sosiale medium. Mange av desse påstandane er vanskeleg å verifisere.

Saka har heilt klart vore dårleg PR for Fedje. Det er ikkje slikt konfliktstoff folket i havgapet ønsker å bli kjende for. Øya har rundt 550 innbyggjarar og små samfunn er sårbare for slike saker og kan fort verke splittande.

Difor var det nok perfekt timing at den nye båtruta til GulenSkyss frå Bergen til Fedje blei starta opp akkurat no. Førre laurdag gjekk den første turen, og det var offisiell markering med snorklipping av fylkesordførar Anne Gine Hestetun på Strandkaien i Bergen. På Fedje blei båten tatt i mot av barnekor. Ein stolt augneblink for dei involverte aktørane.

Ruta har fått brei omtale og set Fedje i det søkelyset dei ønsker å vere; Eit attraktivt reisemål for turistar. Og kanskje også ein permanent destinasjon for dei som vil flytte heim igjen eller tilflyttarar som vil prøve eit annleis liv.

For Fedje er unikt i Noreg og kan by på alt ifrå barskt vintervêr til pur idyll. Dei siste vekene har vore unike i så måte. I slikt praktvêr kan ein nyte naturen, vandre rundt på øya, sette seg ned på koselege kafear og få gode naturopplevingar som gir naudsynt påfyll til kropp og sjel. Med andre ord ei perfekt ramme for årets første sommarturistar. Den nye båtruta skal etter planen gå kvar dag i juni, juli og august. GulenSkyss tenker langsiktig og syslar med planar om båtkjøp om dette blir ein suksess. Vi heiar på denne satsinga, som vi gjer med alle tiltak som kan styrke Nordhordland som reiselivsdestinasjon, og håpar Fedje no får tidenes turistsommar.

Vi heiar på denne satsinga og håpar Fedje no får tidenes turistsommar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags