Lokallaget Alver Nei til EU etablerer seg i Nordhordland: – Kampen mot EU er ikkje over

Toril Mongstad

Toril Mongstad Foto:

Av
DEL

LesarbrevLokallaget Alver Nei til EU etablerer seg i Nordhordland. Velkomen på stiftingsmøtet 6. mai.

Trudde du at kampen mot EU var over? Og at Nei til EU som organisasjon var gått i dvale? Slik er det ikkje. Nei til EU er aktiv som aldri før, og sentralt i kampen står no kravet om å erstatta EØS-avtala med ei likeverdig og oppdatert handelsavtale, der EU ikkje lenger skal kunna påtvinga oss lover, direktiv, forordningar og reglar som premiss for at me skal kunna handla med EU-landa. Det er viktig å minna om at berre tre land i verda er underlagt EØS-avtala, det er landet vårt, Liechtenstein og Island.

Med resten av verda handlar EU med grunnlag i normale handelsavtalar, utan at desse landa vert underlagt politisk styring frå EU. Norge handlar også med resten av verda utan at resten av verda krev at me skal innretta oss etter deira politiske vegval.

Ønskjer du å vita meir om kva Nei til EU har på dagsorden? Interesserer du deg for folkestyre, demokrati og sjølvråderett? Synes du det er viktig at vårt eige Storting lagar dei lovene som skal gjelda i landet vårt? Dette er nemleg ei av dei viktige oppgåvene til Stortinget som lovgjevande makt. Det er ingen ting i konstitusjonen vår som seier at andre utanfor landet vårt, skal kunna påleggja oss lover som me sjølve ikkje har utforma. Dette er det viktige i maktfordelingsprinsippet i demokratiet Norge.

Nei til EU har mange medlemmer i Nordhordland. Frå 1. januar 2020 er kommunen Alver ein realitet. Lindås, Meland og Radøy vert slått saman og dannar den nye kommunen.

Me er 5 medlemmer i Nei til EU i Nordhordland som ønskjer å starta eit nytt lokallag av Nei til EU, Alver Nei til EU. Me har hatt møte og har etablert eit interimsstyre som skal fungera fram til 6. mai i år. Då inviterer me alle medlemmene i Lindås, Meland og Radøy til stiftingsmøte i Alver Nei til EU. Møtet finn stad i kantina i Rådhuset i Knarvik.

Me vil oppmoda alle som er interesserte til å koma på dette møtet. For å ha stemmerett på møtet må du vera medlem av Nei til EU, og du må ha betalt kontingenten. Men om du berre er interessert i å koma fordi du er forviten og ønskjer å vita kva dette er, så er du og velkomen. Kanskje kan det føra til at du ønskjer å melda deg inn i Alver Nei til EU?

I Nei til EU er alle velkomne som medlemmer, enten du ønskjer å vera aktiv og delta i styre og stell og aktivitetar, eller du berre ønskjer å vera passivt medlem. Det er opp til deg. Uansett vil du få tilsendt informasjon, du vil verta invitert på medlemsmøte og du vil kunna ha påverknad på kva du meiner er viktig for laget.

Interimsstyret i Alver Nei til EU ønskjer gamle og nye medlemmer hjarteleg velkomne!

For interimsstyret

Toril Mongstad


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags