Vegprising har også sin pris

Vi bruker i dag ca. 800 millionar kroner årleg på innkrevjing av bompengar med autopass. I mitt hovud vil vegprising ikkje vere noko rimelegare i drift. Med andre ord: Innføring av vegprising vil medføre ein eingongskostnad i storleiken 10 milliardar kroner. Deretter vil det koste i storleiken 1 milliard pr. år å ha systemet i bruk. Vi snakkar framleis berre om kostnaden med å krevje inn vegskatten (som pr. no er ca. 13 mrd. pr. år).

Vi bruker i dag ca. 800 millionar kroner årleg på innkrevjing av bompengar med autopass. I mitt hovud vil vegprising ikkje vere noko rimelegare i drift. Med andre ord: Innføring av vegprising vil medføre ein eingongskostnad i storleiken 10 milliardar kroner. Deretter vil det koste i storleiken 1 milliard pr. år å ha systemet i bruk. Vi snakkar framleis berre om kostnaden med å krevje inn vegskatten (som pr. no er ca. 13 mrd. pr. år). Foto:

Av
DEL

LesarbrevBompengedebatten går varm i desse dagar, og forslaga for å jamne ut den urettvise vegskatten er mange. Vegprising er eitt av alternativa som mange etablerte politikarar klamrar seg til. I kjend politikarstil er svaret i alle fall ei «utgreiing» slik at ein får kjøpt seg litt tid til stormen og valet er over. Vegprising slik det er foreslått no er tenkt slik at alle «bompliktige» køyretøy skal få installert ein GPS-modul som kan sende inn posisjonsdata til eit sentralt system slik at bompengane kan differensierast på type køyretøy, kor langt ein køyrer, kvar ein køyrer og kor tid ein gjer det.

Det er fleire argument som talar imot slik vegprising, til dømes overvakingsaspektet og at brukarane aldri veit sikkert kva det kostar å køyre då prisane enkelt skal kunne justerast for å kunne regulere trafikken og innkrevjinga slik ein ønskjer. Men dette skal eg ikkje kome inn på no.

Det finst i dag ca. 3,3 millionar registrerte «bompliktige» køyretøy i Noreg. La oss seie at installasjon av ein slik GPS-modul vil koste ca. 3 000,- pr. køyretøy. Då er vi allereie oppe i 10 milliardar kroner. I tillegg kjem utvikling og etablering av hovudsystemet. Det er enorme datamengder som til ei kvar tid skal sendast og handsamast. Deretter kjem utgifter til logistikk og vedlikehald av brikkene i bilparken. Til slutt skal kvar einskild brukar fakturerast og krevjast for medgått køyring. Eg ser for meg at berre administrasjon av dette systemet vil kunne brødfø ein by på storleik med Brønnøysund. I tillegg vil dette systemet vere lett å jukse med for dei som ikkje vil vere med på å betale. For å unngå storstilt juksing må det brukast store ressursar på kontroll langs vegane.

Vi bruker i dag ca. 800 millionar kroner årleg på innkrevjing av bompengar med autopass. I mitt hovud vil vegprising ikkje vere noko rimelegare i drift. Med andre ord: Innføring av vegprising vil medføre ein eingongskostnad i storleiken 10 milliardar kroner. Deretter vil det koste i storleiken 1 milliard pr. år å ha systemet i bruk. Vi snakkar framleis berre om kostnaden med å krevje inn vegskatten (som pr. no er ca. 13 mrd. pr. år).

Innkrevjing med autopass slik vi har i dag har også svært varierande verknadsgrad. Den planlagde bommen på Radøy i Nordhordlandspakken er eit ekstremt tilfelle i så måte; her er det kalkulert med at bortimot 100 % av innbetalte bompengar vil gå ut igjen til kostnaden med sjølve innkrevjinga i bommen. Det er forståeleg at nokon no meiner at nok er nok.

Mange tykkjer at bompengesaka har fått for stor merksemd og at det finst viktigare saker å ta tak i. Og det gjer det. Til dømes skule, helse, klima, eldreomsorg, barn og unge. Eller dei store verdsproblema. Her er lista lang. Nettopp derfor bør vi ikkje tillate oss å kaste bort tosifra milliardar av kroner på å etablere og drifte eit nytt parallelt skattesystem for vegskatt når vi allereie har eit nokså rettferdig skattesystem i Noreg.

Her treng vi ikkje noko meir utgreiing. Snarare utradering.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags