Ein hyllest til dei som gjer ein viktig jobb i samfunnet – hentar bosset ditt

Av
DEL

LesarbrevDei jobbar i all slags vêr - frå sol til regn og storm
For å draga på tunge bosspann må ein vera i god form

Dei står opp klokka fem kvar bidige dag
til ein ny arbeidsdag kor dei speler på lag

Bosset skal hentast frå kvar ein heim
frå øyar i havgapet til lang utpå Seim

Sjølv i desse tider med korona og smitte
kan ikkje NGIR's heltar på ræva sitte

Henting av boss er ein samfunnskritisk teneste
sjølv i denne krisa gjer dei sitt aller aller beste

Tenk om ingen kom å henta bosset ditt
slik at avfall med smitte fekk blåsa fritt?

Desse kvardagsheltane fortener også applaus
fordi dei jobbar hardt og er så raus

Takk flinke NGIR-sjåførar - for at de jobbar dagen lang
Slik er de med på å halda Noreg i gang!

Artikkeltags