Kommunestyret i Lindås gjorde på møte den 18.juni 2015 følgjande vedtak i sak 64:

«Lindås kommunestyret godkjenner kommunedelplan for skule 2914-18, i samsvar med plan og bygningslova § 11-15, jamfør § 11-4,med fylgjande endring: Lindås kommune startar opp prosjekt med mål om å byggje ny, felles skule for Kløvheim og Eikanger. Rådmannen legg fram framlegg til prosjektmandat i løpet av første kvartal 2016.»

Etter dette vedtaket har det vore lagt ned eit omfattande arbeid for å finna ein tenleg tomt til ny, felles skule.

Me sit no at med ei handfull framlegg, men det hjelper lite når Statens Vegvesen trugar med motsegn – uansett kor me snur oss.

Lindås Senterparti går for lokalitet 22 – Myråsen.

Dette er etter vårt syn den einaste tomta som kan oppfattast som ei reell tomt for felles skule for dei to krinsane.

Dette alternativet bør utgreiast nærmare, og Lindås kommune må gå ein runde til med Statens Vegvesen.

Men det er ikkje berre Statens Vegvesen som kan leggja «kjeppar i hjula» for ny, felles skule for Eikanger og Kløvheim.

Framlegget til statsbudsjett, med avvikling av eigedomsskatt på verk og bruk, vil gje dramatiske følgjer for Lindås kommune.

Om framlegget frå den blå-blå regjeringa vert vedteke, må Lindås kommunestyre vurdera all aktivitet på nytt, både investeringar og drift, og framlegget vil ramma den nye Alver kommune hardt.